«Rør ikke abortloven!»

I samband med Kristeleg Folkeparti (KrF) sitt såkalla «retningsval» kom abortlova overraskande sterkt på banen. Det skuldast ikkje primært KrF, men statsminister Erna Solberg. Ho ymta frampå om at § 2c i abortlova kunne diskuterast, og kanskje endrast. Det vekte sterk motbør på venstresida og i kvinnerørsla, men vart eit viktig moment i KrF med tanke på om partiet skulle gå til venstre eller til høgre. Den problemstillinga skal vi ikkje gå inn på her.

Abortlova har stor sprengkraft i seg, og skaper voldsomt engasjement. Statsministeren sitt forsiktige utspel vert tolka som om heile abortlova er «sett i spel». Det er ei kolossal overdriving, men det vitnar om den ideologiske krafta som ligg i abortlova og «kvinna sin sjølvråderett» eller kvinna sin «rett til å bestemma over sin eigen kropp», som det svært tilslørande vert sagt. Reelt vitnar det om ein voldsom vilje til sjølvrealisering og egoisme, der livet i mors mage må vika.

Abortlova, som er ei fosterdrapslov, er ei omfattande lov. Det saka no gjeld, er eit lite bokstavpunkt i lova. Paragraf 2c opnar for at kvinna kan «velja bort» det eine fosteret når ho ber på tvillingar. Det er utan nokon grunn i henner eller tvillingane sin helsesituasjon, men utelukkande fordi ho berre vil bera fram eitt barn. Samanlikna med det totale aborttalet dreier dette seg om svært få. Det gjeld altså eit svært spesielt tilfelle og ei svært lita gruppe. Likevel har det skapt eit voldsomt engasjement, og fått tusenvis ut i gatene for å protestera. Det vert aksjonert som om det gjaldt heile lova – «rør ikke abortloven». Dette er ulogisk og irrasjonelt. Korleis kan det ha seg at det skaper slikt engasjement?

Svaret på det spørsmålet har nok fleire sider ved seg. La meg ført presisera at dette er ei viktig sak for dei fostera det gjeld, sjølv om dei er få. Det fosteret som må bøta med livet, er like verdfullt om det høyrer til ei lita eller ei stor gruppe. Dette er truleg også hovudgrunnen til dei sterke reaksjonane. Dersom ei gruppe foster får absolutt vern, har ein med det sagt at fosteret i seg sjølv har verdi, er verneverdig og har livsrett. Kjenslemessig kan det vera vanskelegare å fjerna ein av to, fordi då vel ein bort den eine til fordel for den andre, men sakleg sett er det ingen forskjell på dette i forhold til å velja bort den eine. Eit foster må bøta med livet uansett, og det er mora sitt val.

Sjølv om det å endra på § 2c er eit lite inngrep i abortlova totalt sett, er det ei symboltung handling. Det set vern om fosteret, og det innskrenkar kvinna sitt val og henner råderett. Dette er ikkje berre å tråkka dei mest radikale feministane på tærne, men det er eit hogg inn mot hjarta og samvit hjå alle som forsvarar fri abort. Dei vil vera i fred. Dei vil ikkje verta uroa i samvitet sitt eller i kjenslene sine. Dei vil vera suverene, som om dei var gud. Det fører til eit voldsomt motangrep og ein opprørt og svært kvass språkbruk og argumentasjon – og dei legg heile breisida til: «Rør ikke abortloven!».

Johannes Kleppa

Les også stykket: «Abort er ikke til forhandling» der Johannes Kleppa kommer med en presisering i forhold til paragraf 2c og tvillingabort

Les også: «Ikke rør livmoren vår»

Bilde er hentet fra nettet – Avisen Dagen

2 thoughts on “«Rør ikke abortloven!»

Comments are closed.