Forsamlinga og forsamlingssongen

Forkynninga skal og må ha hovudplassen i den kristen forsamlinga. Det meste av denne skjer frå preikestolen ved at Guds ord vert forkynt, men ein god del skjer også gjennom song – og det meste av songen er fellessong i forsamlinga. Songen – og kanskje særleg forsamlingssongen – har endra seg nokså mykje den siste generasjonen.

– Eg har i lengre tid lagt merke til at stadig færre tek del i forsamlingssongen rundt omkring. Og det er spenningar knytt til songval og bodskap, uttalte generalsekretær Erik Furnes på eit seminar om forsamlingssongen på Indremisjonsforbundet sitt leiarmøte for litt sidan. Også eg har registrert dette, særleg i større forsamlingar med lovsongsteam og musikkgruppe. No er eg blant dei som aldri syng, av omsyn til min neste! Eg har ikkje songstemme, og eg har aldri høyrt nokon som eg er sikker på syng falsk, men også for slike som meg, har fellessongen stor verdi. Poenget er at då må eg høyra kva som vert sunge, og sangane må ein evangelisk bodskap.

Det er nok fleire grunnar til at fellessongen er svak. Den truleg aller djupaste grunnen til det er kvaliteten på åndslivet i forsamlinga. Aldri har songen vore rikare og sterkare enn i vekkings- og fornyingstider. Skal det syngast skikkeleg ut, må ein personleg ha noko å synga om.

Åndslivet er likevel ikkje den einaste grunnen, det har også med korleis ein forstår songen og songen sin plass i den kristne forsamlinga. Det er to typar song. Den eine er når einkvan syng for forsamlinga, det er alt frå solosong til store kor. Det andre er forsamlingssongen, der forsamlinga syng med og for kvarandre. For begge delar er bodskapen i songen like viktig, og denne må vera orientert ut frå Kristus og krossen. Også for songen gjeld apostelens ord om at eg vil ikkje vita noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest (1.Kor 2.2). Det skal forkynnast og syngjast i sin fulle breidde, og med alle sine konsekvensar.

I små forsamlingar utan forsongar, men gjerne med eit piano, kan forsamlingssongen vera sterk og god. I større forsamlingar prøver ein å hjelpa forsamlingssongen fram ved mykje musikk og lovsongsteam. Nokre gonger fungerer det godt, men andre gonger overdøyver musikken og forsongarane forsamlinga. Då vert forsamlinga overkjørt, slik at folk i lita grad syng med. Resultatet er at dei på scena syng for forsamlinga, i staden for at forsamlinga syng med og for kvarandre. Andre gonger er songane ukjende, eller tonen er ukjend eller for vanskeleg til allsong.

Dette er ei problemstilling som dei åndelege leiarane i forsamlingane må ta på alvor. Det same gjeld møteleiarane og dei som skal leia forsamlingssongen.

Johannes Kleppa