«Abort er ikke til forhandling»

Overskrifter og slagord har vore nokså tankevekkande i samband med dei aksjonane som i det siste har vore mot å gjera endringar i abortlova. Fleire slagord har vore av typen «abort er ikke til forhandling». Det spelar på forhandlingane som no pågår mellom Kristeleg Folkeparti (KrF) og regjeringa Solberg, der abortlova er ei viktig sak frå KrF si side.

Jo, abort er til forhandling, slik har det vore like frå vi fekk ei abortlov og etter kvart ei friabortlov. Kvar gong denne lova har vort endra, har forhandlingane om abort ført til meir liberalisering. Denne gongen står det om ei lita, men viktig innsnevring, og då lyder slagordet om at abort ikkje er til forhandling. Det er altså kva retning forhandlingane går i, som her er avgjerande.

Det som det særleg står om no, er paragraf 2c og såkalla tvillingabort. I artikkelen «Ikke rør abortlova» var eg upresis ved at eg knytte desse to spørsmåla direkte saman. Tvillingabort er ikkje direkte omtalt nokon stad i abortlova, fordi det ikkje var ei aktuell problemstilling då denne vart vedteken. Paragraf 2c talar primært om alvorleg sjukdom ut frå arvelege anlegg, og her kjem Down-syndrom inn. Det er den totale tankegangen i abortlova som opnar for tvillingabort, ikkje minst ut frå paragraf 2a, b og c.

Men! Nei, abort er ikkje til forhandling. Det bør og skal i alle fall ikkje vera det. Fosteret er frå unnfanginga av eit fullverdig menneske med livsrett og menneskeverd. Av denne grunnen skal det ikkje forhandlast om fosteret og dets livsrett, uansett kva foster det dreier seg om. Kvinna skal heller ikkje vera i ein posisjon som gjer at ho kan forhandla om abort med seg sjølv eller med andre. Det er berre når legane sin fagkompetanse seier at liv står mot liv, mora mot barnet, at det må gjerast eit val.

Slagordet «abort er ikke til forhandling», er altså rett, når ein ser det ut frå barnet i mors liv sitt perspektiv. Når det no vert brukt inn i ein politisk situasjon, viser det korleis heile problemstillinga er snudd på hovudet. Det gjeld også slagord om at det dreier seg om kvinna sitt liv og kvinna sin kropp, som om ikkje fosteret også har eit liv og ein kropp – og at det for denne personen står om liv eller død.

Så: «Abort er ikke til forhandling» – la barnet i mors mage få leva!

Johannes Kleppa

Les også: «Rør ikke abortloven!»

  «Ikke rør livmoren vår»