«Ikke rør livmoren vår»

I kampen for fri abort går ulike slagord ut på at det heile dreier seg om kvinna og hennar kropp. Det kan samanfattast i: «Vårt liv, vår kropp, fortsatt selvbestemt abort». Eit av slagorda lyder slik: «Ikke rør livmoren vår». Det er heva over diskusjon at livmora høyrer kvinna til, og at ho skal ha denne i fred. Dessutan er det vel knapt andre enn legar som i praksis kan røra ved livmora.

Men nett ved provosert abort let kvinna legar røra livmora si, og då får å ta livet av ei lite barn som held til der. Ved fri abort står kvinna fritt til å la dette skje når ho vil. Kvinna burde halde fast på at livmora hennar ikkje skulle rørast, slik at barnet var trygt der. Det som skulle vera den tryggast av alle stader på jorda for mennesket, har ved norsk ulov vorte den mest utrygge staden som finst. Det er berre her det er lovleg å ta livet av eit menneske. Ulov gjev «rett» til fritt fosterdrap.

Men livmora tilhøyrer ikkje berre kvinna, men også barnet som bur der. Skaparordninga er slik at kvinne har fått ei livmor, ikkje for sin eigen del, men for å kunna vera mor og føda born. Det er berre i forhold til å bera fram liv og verta mor, kvinna si livmor har meining. Ordet «livmor» talar for seg sjølv, det talar om mor til liv. Det er ein stad der liv vert til og utviklar seg, ei liv-mor.

Slagordet «ikke rør livmoren vår» høyrer difor meir heime i fosteret sin munn enn hjå kvinna, meir hjå barnet enn hjå mora. Det ufødde barnet er heilt avhengig av livmora for å kunna leva, utvikla seg og verta fødd. Det er altså snakk om mora til barnet sitt liv. Sett frå fosteret sin plass er det altså eit svært sterkt og talande slagord vi her har med å gjera.

Når vi no går inn i advent og julehelg, bør vi også minna kvarandre på at Guds Son og verdens frelsar, også var avhengig av ei livmor. I Maria si livmor, i Maria sin mage og i Maria sitt liv gjer Jesus seg eitt med alle foster, med alt menneskeliv. Jesu, Menneskeson og Guds Son, var avhengig av at ikke nokon rørde livmora hans, for at han skulle verta menneskeslekta sin frelsar – din og min frelsar. Ved Herodes prøvde djevelen å ta livet av Jesus straks han var fødd, men han mislukkast. I Marias livmor hadde Jesus vore trygg. Maria fortener stor takk for at Jesus fekk ha livmora hennar som si trygge livmor.

Høyr det tause ropet frå fosteret, frå barnet i mors mage: «Ikke rør livmoren vår!»

Johannes Kleppa

Les også: «Rør ikke abortloven!»

«Abort er ikke til forhandling»

One thought on “«Ikke rør livmoren vår»

Comments are closed.