Reiseblogg 2022

MISJON SAREPTA BESØKER SUNNMØRE.

I januar hadde Misjon Sarepta planlagt fleire samlingar på Sunnmøre, men møta i Ulsteinvik og i Herøy måtte avlysast grunna smittesituasjonen i området.

Sist veke, tysdag og onsdag besøkte Even Ydstebø først  Giske bedehus. Det var godt frammøte på samlingane, og folk frå naboøyane kom også til møta.

Giske bedehus
Giske bedehus

I Ørsta hadde Even fått med seg Lorents Nord- Varhaug til møtesamlingar frå torsdag 20.januar til søndag 23.januar.

Even tok mellom anna fram eit vers frå profeten Nahum – ei bok med tekstar frå ei bok i Bibelen det sjeldan blir talt over. Even talte over Nahum 1, 7: Herren er god, eit vern på trengsledagen. Han kjenner dei som søkjer han- Vi fekk høyre om vår Far som er eit vern for Guds folk til alle tider. La oss også i ei framtid som blir vanskeleg ta vår tilflukt til Herren!

Teksten til Lorents var frå truskapittelet i Hebrearbrevet. Han tok mellom anna fram vers 4 i kapittel 11: Ved tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Ved den fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om gåvene hans. Og ved si tru talar han enno etter sin død – Vi fekk høyre om Kain som var religiøs og bygde på det han sjølv makta å gjere, men Abel bar fram eit lam til offer. Lammet som peikar framover mot Jesus og Jesu forsoningsverk på Golgata. Abel stolte på Guds lovnader. Vi skal også få feste vår lit til Jesu frelsesverk på Golgata.

Even formidla kjende og kjære songar til forsamlinga i Ørsta bedehus. Tekstar som han tolka på ein varm måte. Gjennom songane fekk han fram bodskapen i evangeliet på ein god måte.

Ståle T.