Storfamilie på Centro Sarepta i påskeveka

Vi hadde ein ny storfamilie på besøk på Centro Sarepta i påskeveka. Dei kom torsdag før palmehelga og var til skjærtorsdag. Vanlegvis er det stengt på senteret i palmehelga og fram til skjærtorsdag, og så er det leir for spansktalande i sjølve påskedagane.

Denne gongen heldt vi altså opent sidan det var på denne tida det passa best for denne storfamilien å koma, og det gjorde at det også var nokre andre gjester på senteret. Ved at det ikkje var vanleg undervisning desse dagane, laga vi eit opplegg som var tilpassa denne familien, og det fungerte fint.

Denne gongen var det eit par som hadde teke med seg sine born, svigerborn og barneborn, pluss ei bestemor. Totalt var dei 19 gjester, frå småborn til pensjonistar. Badebassenget var populært, mange stader vart besøkte, det var fjelltur og lange sykkelturar. Det viste seg enda ein gong at Centro Sarepta er ein ypperleg stad for storfamiliar som vil feira eitt eller anna eller berre vera på ferie i lag. Ved å vera her, vert det meir enn berre ferie. Det vert også av åndeleg verdi.

For dei tilsette vart det ei ekstra travel påskehelg ved at dei skulle ta imot nye gjester berre timar etter dei andre reiste, og då fullt hus med spansktalande.

Johannes Kleppa

foto: illustrasjonsfoto