Ny omdreining for fosterdrap og kjønnsforvirring

Det er lansert forslag til ny abortlov, altså ny fosterdrapslov. Prinsipielt endrar det lite og ingen ting om ein endrar på nokre formuleringar, lagar nye praktiske ordningar og set ny grense for retten til fri abort. Fosteret har uansett mista sitt absolutte menneskeverd og sitt absolutte rettsvern. Det har mista livsretten. Utviding av grensa for fri abort og lettare ordningar for å kunna gjennomføra det, gjer likevel mors mage til ein stadig meir utrygg stad for det ufødde livet. Liberalisering av abortlova er difor livsøydande.

Det viktigaste frå kristent hald i denne saka er å halda oppe det ufødde barnet sitt menneskeverd og fosteret sin livsrett. All tenking og argumentasjon må ha dette i botn og som rettesnor. Det må også styra vala våre av ord. Det er svært lett at vi går inn på den sekulære og politisk korrekte argumentasjonsmåten og bruk av ord. Då misser vi den prinsipielle ståstaden og den argumentasjonskrafta som ligg her. Vi kan nok då også yta ein viss motstand mot liberalisering, men vi er på ein glidebane som er destruktiv.

I det store ordskiftet har tenkinga og argumentasjonsmåten snudd omtrent 180 grader, frå at ein argumenterte ut frå fosteret sin rett til ein argumenterer ut frå kvinna sin rett. Då er det lett for at ein prøver å harmonisera desse to måtane, men med det sidestiller ein to ulike storleikar og prinsipp. Tilhengarane av fri abort omtalar gjerne fosteret som ein del av kvinna sin kropp, og over kroppen sin er det kvinna som har retten. Dette er så sterkt framme, at ein som motstandar av fri abort gjerne vert fanga inn av tenkinga og byrja på same plassen i sin argumentasjon, altså med kvinna i staden for barnet.

Ein seier gjerne at det dreier seg om to liv, kvinna sitt og fosteret sitt. Det er generelt ein misvisande talemåte, fordi ein då talar om «liv» i to ulike tydingar og nivå av ordet, men gjev det lik vekt. For barnet står det om livet i absolutt meininga, altså om død eller liv. For kvinna står det om livsvilkåra, altså det som går på å vera gravid, føda og ta vare på barn. Noko av dette gjeld også for barnefaren og familien. Det står altså ikkje om livseksistensen. Rett nok er det nokre svært få tilfelle der graviditet og fødsel trugar mora sitt liv, slik at liv kan seiast å stå mot liv i absolutt tyding, og då må det etisk vurderast ut frå det. Poenget er at vi ikkje må snakka som at dette er den generelle situasjonen med tanke på abort eller fosterdrap. Det dreier seg svært sjeldan om to liv.

Ved det nye forslaget til abortlov har vi fått den absurde situasjonen at ordet «kvinne» er bytta ut med ordet «gravid». Denne idiotien har sin grunn i den kjønnsforvirringa som seier at folk fritt kan velja juridisk kjønn. Ei biologisk kvinne kan då definera seg som mann, vera eller verta gravid og føda barn. Det ville jo høyrast merkeleg ut om ein gav ein mann rett til abort, fordi det svarar ikkje til biologien. Så då kler keisaren seg naken og seier «gravid»!

Dette nye ordprinsippet som no er føreslått innført i abortlova, må gjerast gjeldande i alle lover som til no talar om mann og kvinne. For å vera kjønnsnøytral kan ein bruka person eller ord som direkte går på situasjonen, slik som gravid. Det nesten komiske er, at der det dreier seg om likestilling og kvinner – i tradisjonell meining av ordet – sine rettar, der brukar ein framleis ordet «kvinne». Skal ein ha kjønnsfordeling i ei nemnd eller eit styre, snakkar ein om eit visst tal kvinner og menn.

Sjølv om det etter den nye juridiske kjønnstenkinga er meiningslaust, vil ein altså ikkje gje slepp på det ideologiske i slike samanhengar. Ein kunne ha brukt ordet «person», og så vart det opp til den som skulle veljast inn om ein ville definera seg som mann eller kvinne. Dersom det ikkje er anna forskjell på mann og kvinne enn det reint biologiske, kan det jo ikkje ha noko å seia kva kjønn ein har eller representerer, men det har det tydelegvis i likestillinga, ideologien og sekulariseringa sitt namn. Ein tilpassar språkbruken etter kva ein vil oppnå. Det er det gamle ordet om at målet helgar midlet, men det ser ikkje den nakne keisaren – eller han vil ikkje sjå det.

Det er talande at det er i spørsmålet om fosterdrapet, altså opphevinga av det ufødde barnet sitt menneskeverd, at den oppløysande kjønnstenkinga på denne måten vert dregen inn i lovverket. Der ein opphevar at mennesket er skapt i Guds bilete som mann og kvinne, opphevar ein både menneskeverdet og den kjønnstenkinga og kjønnsrelasjonen som ligg i skaparverket. I dyreverda er dei biologiske kjønnsrelasjonane framleis intakte, og vil vera det så lenge denne jorda står ved lag.

Johannes Kleppa