Nytt Sareptas krukke på Bedehuskanalen

Tysdag 4. mars kl. 21.00 går det andre programmet av Sareptas krukke på lufta i Bedehuskanalen. Gjest i dette programmet er mangeårig journalist og redaktør i Dagen, Kari Fure. Vi vert litt kjende med henne, og særleg med hennar engasjement for forfylgde kristne og bibelspreiing.

Det vil koma eit nytt program tysdag kl 21.00 kvar 14. dag. Programmet vil gå to gonger i reprise i same veka, onsdag kl. 08.00 og søndag kl. 19.00.

Sareptas krukke er altså produsert av Misjon Sarepta, og det er formannen i Sarepta, Johannes Kleppa, som står for programmet, medan Bedehuskanalen står for den tekniske produksjonen. Sareptas krukke har ein tydeleg Sarepta-profil i introduksjon og design. Programmet varer 30 minutt, og som oftast vil det vera eit samtaleprogram med ein song midt i og som avslutning. Ein del av samtalane vil vera med sentrale folk i Sarepta om ulike sider ved Sarepta sitt arbeid. Andre gonger vil det vera om aktuelle tema. Vi vil også ha nokre song- og musikkprogram og nokre med rein bibelundervisning

I det første programmet var Arild Melberg, dagleg leiar ved Centro Sarepta, gjest, og vi har fått gode tilbakemeldingar på programmet. Det ligg fleire program produserte og klare til sending, med stor varisasjon.

Vi trur desse programma vil vera eit godt tilskot til Bedehuskanalen sine program, og vi trur det vil vera tenlege program for Misjon Sarepta sitt arbeid. Vi håper mange vil sjå programma, og spreia informasjon om dei på Facebook, på møte og i andre samanhengar.