Mange les artiklar på Sarepta si heimeside

Det er fleire enn ein skulle tru som les det som vert lagt ut på Sarepta si heimeside. Sjølv om Sarepta er ein liten organisasjon, er det mogleg å nå langt ut via nettet. Det varierer frå dag til dag og frå veke til veke kor mange som er inne på heimesida. Det har med kor mange artiklar som vert lagde ut, og kva type artiklar det er.

Det var nett ei veke det gjennomsnittleg var 2300 unike brukarar kvar dag. Det vert over 16.000 i løpet av veka. Det var heilt sikkert nokre som var inne fleire gonger i løpet av ein dag, og heilt sikkert mange som var inne fleire gonger i løpet av veka, fordi det kom stadig nye artiklar. Det er umogleg å vita kor mange desse «gjengangarane» var, men kanskje det var 10.000 ulike personar inn i løpet av veka. Eller om vi er langt meir pessimistiske og seier 5000 personar, er det like fullt mange.

Ein del går rett til heimesida, men svært mange kjem dit via Facebook. Alt som vert lagt ut på heimesida, kjem på Sarepta si Facebook-side med link til heimesida. Det er ein svært god veg inn til heimesida. I tillegg er det slik at alle som deler det som er på Sarepta si Facebook-side til si personleg side, opnar den same vegen til Sarepta si heimesida ved at linken fører dit for å få lesa artikkelen.

Dette seier oss to ting. Det eine er at heimesida kombinert med Facebook er ein svært billig og god kanal til informasjon, marknadsføring og PR, men også til åndeleg rettleiing og oppbygging. Dette må ein nytta maksimalt. Det andre er at det er svært viktig at folk som ønskjer å støtta Sarepta sitt arbeid, deler stoff frå Sarepta si nettside og Facebook-side til si eiga Facebook-side. Det genererer at mange kjem inn på heimesida til Sarepta og får med seg det som vert lagt ut der.

Det er altså svært mange som les det som vert lagt ut på nettsida til Sarepta, men det kan verta mange fleire og om enda fleire linkar dette stoff til si eiga Facebook-side! Det oppfordrar vi altså til!

Johannes Kleppa