Godt husmøte i Alicante

«Han tok ut tolv som skulle vera saman med han, og som han kunne senda ut for å forkynna.»  (Mark 3,14)

For å verta utrusta til misjonsoppdraget må vi vera hjå Jesus. Berre hjå han finnes alt det liv og all den kraft som vi treng for tid og æve.

Etter ei stund sende Jesus læresveinane sine ut for å gå frå hus til hus. «Når de kjem inn i eit hus, så hels det med fred. Er då huset verdt det, skal freden dykkar koma over det. Men er det ikkje verdt det, då skal freden venda attende til dykk sjølve.» (Mat 10, 12-13)

Her på Centro Sarepta er det godt rom for å vera hjå Jesus og høyra ordet hans forkynt. Han sender oss også ut for å forkynna utanfor senterets vegger.

For nokre dagar sidan var vi på eit husmøte i eit stor utleigekompleks med fleire husvære i Alicante, byen som ligg ca 45 min bort. Et eldre par hadde invitert oss til heimen sin. Dei hadde nyleg vorte kjende med Sarepta gjennom leiren vi hadde for spansktalande i desember. Dei hadde også invitert nokre naboar, slik at vi var ti peronar.

Eg fekk helsa huset frå Herren sjølv, og fortelja litt om Centro Sarepta. Etter det hadde Felipe Lobo ein oppbyggeleg bibeltime. Denne kvelden var også Asbjørn Barluap med oss.

Det vart ein velsigna kveld. Det er ei glede å få gå ut med Guds ord. Det er også gledeleg med nye kontakter. Ver gjerne med og be om at Herren må opna ei dør for ordet sitt her i Spania. Takk han for dei opningane han alt har gitt oss.

Med kjærleg helsing

Jan Ulrik Smetana

(omsett til nynorsk av Johannes Kleppa)