Debatt om endetidssyn

Debatt om endetidssyn er ikkje noko nytt her i landet, men no har det fått ein ny vri. Det er særleg knytt til eit endetidssyn som vert kalla preterisme eller eit preteristisk syn. Det er eit heller nytt syn her på berget, men det liknar nokså mykje på det vi kallar erstatningsteologi, der kyrkja enkelt sagt har overteke lovnadene til Israel. Det er særleg i pinsekarismatiske krinsar det nye synet har oppstått, og det har skapt nokså stor debatt i pinserørsla – naturleg nok, fordi det bryt radikalt med det pinsevenner flest har lært og tenkt.

Eg skal ikkje her gå djupt inn i preterismen, men meir setja dette synet i forhold til andre syn. Det som karakteriserer eit preteristisk syn, er at ein reknar praktisk talt alt som Bibelen seier skal skje i endetida, for oppfylt. Det skjedde primært ved øydelegginga av templet i Jerusalem i år 70 og dei stor forfylgingane tidleg i oldkyrkja. Det er altså ikkje snakk om ein antikrist som skal stiga fram ein gong i dei siste tider, om ei stor trengsel, om bortrykking, eit framtidig tusenårsriket eller at Israel har ein spesiell plass med tanke på endetida. Alt dette høyrer historia til, og det som står att, er Herrens komme til dom og frelse. Dette kan kombinerast med ei forståing av at apostel- og profettenesta vert eller er gjennomretta, og at det fører med seg stor åndskraft, store vekkingar og store positive endringar på jorda før Jesus kjem att.

Dette er nokså forskjellig frå det som tradisjonelt har vore forkynt rundt om på bedehusa og i frikyrkjelege samanhengar. Rett nok samsvarar ein del av det med det som gjerne har vorte kalla «eit gammalluthersk syn», som seier vi er i tusenårsriket no, men som like fullt held fast på ei negativ utvikling med Antikrist og stor trengsle. Ved at dette synet som oftast seier at lovnadene i GT til Israel er overførte til kyrkja, slik at jødefolket sin plass i frelseshistoria er over, kallar vi dette for erstatningsteologi.

Med tanke på debatten om endetidssyn har det etter mitt skjønn vore ei forenkling. Det har sin grunn i at preterismen og «det gammallutherske synet» har vorte slått saman som erstatningsteologi, og opp mot det har ein sett dispensjonalismen som einaste alternativ. Det er misvisande. Det er rett på det viset at ein med det får fram at det skal framstå eit tusenårsrike før den endelege dommen og at lovnadene til Israel står ved lag og skal oppfyllast. Poenget er at det ikkje berre er dispensjonalismen som lærer dette.

Det dispensjonalistiske synet vert gjerne før tilbake til 1830-åra, sjølv om det var tendensar til dette synet også før. Det karakteristiske i dette synet er at ein skil sterkt mellom Israel som Guds folk og kyrkja som Guds folk, og at Gud handlar delvis ulikt med desse to folka. Det vert sett saman med at ein deler (frelses)historia i ulike tidsepokar, ikkje berre i den gamle og den nye pakta. Som del av dette lærer ein at kyrkja (menigheten) skal rykkjast bort til Guds himmel før den store trengsla, men som jødefolket må gjennom. Etter trengsla kjem Herren med sine tilbake til jorda for å regjera her i 1000 år. Då har Israel kome til omvending og får ein sentral plass i ei rik freds- og misjonstid.

Poenget her at ein ikkje treng å tenkja slik om jødefolket, bortrykkinga og trengsla for å tru på eit framtid tusenårsrike, der Israel og verdmisjon er sentralt. I den første kristne tida trudde ein på eit framtidig tusenårsrike, og det var til trøyst i forfylgingstider, og ein heldt fast på lovnadene til Israel. Då kyrkja gjekk frå forfylging til å verta statsreligion, vaks det fram ei forståing som sa at tusenårsriket er kyrkja si tid, og at kyrkja har overteke lovnadene til Israel. Ved pietismen frå slutten av 1600-talet greip ein tilbake til læra frå oldkyrkja om eit framtidig tusenårsrike og at lovnadene til Israel står ved lag. Dette vart då eit syn i opposisjon til «det gammellutherske», som alle reformatorane stod for.

Læra om eit framtidig tusenårsrike og at lovnadene til Israel står fast, kom altså ikkje med dispensasjonalismen. Det spesielle med denne var forståinga av forhold mellom Israel og kyrkja, og læra om bortrykking før den store trengsla.

Underteikna har forkynt og undervist nokså mykje om endetida, særleg ut frå Daniels bok og Johannes openberring. Eg er sterkt overtydd om at lovnadene til Israel står fast og at tusenårsriket er eit framtidig fredsrike der Israel har ein sentral funksjon og der det er ei rik misjonstid, men eg trur at alle, inkludert kyrkja, skal gjennom den store trengsla ved Antikrist og at bortrykkinga og Israels omvending skjer som avslutning av denne.

For min del har eg altså ei nokså sterk overtyding i endetidsspørsmålet, men eg vil vera svært varsam med å karakterisera andre sitt syn som vranglære eller villfaring. Det har ofte vore usemje på dette området, og det har aldri vorte rekna som vedkjennings- eller frelsesspørsmål. Det som eg finn mest problematisk, er når lovnadene til Israel vert overførte på kyrkja, fordi det har med forståinga av Guds lovnader og Guds pakt å gjera. Eg er også uroleg over konsekvensane av læra om bortrykking før den store trengsla.

Johannes Kleppa