Gåve til meir forkynning av Guds ord

Misjon Sarepta fekk for kort tid sidan ei gåve på kr 1 million. Det var ingen vilkår knytt til gåva, men gjevaren var oppteken med at Guds ord vert forkynt så mykje som råd er, og vedkomande trudde vi hadde kort tid att til å nå ut med Ordet. Ei slik gåve skaper både glede og takk, oppmuntring og ettertanke.

Er det noko Sarepta ønskjer, så er det å nå lenger ut med Ordet til frelse og nytt liv, fornying og misjon. Det er difor vi har som eit slagord å skapa møtestader mellom folk og Guds ord. Vi ønskjer bokstavelegt talt å koma ut til fleire stader med Ordet, men vi ønskjer også å ha fleire møte på kvar stad. Det kan dreia seg om alt frå 2-3 møte til møteveker og bibelhelger.

Skal dette lukkast, treng vi må både gåver og arbeidarar – og vi treng folk som bed. Vi har vore opptekne med å få ut alle typar forkynnargåver, og vi skulle særleg ønskja nokon med evanglistgåva. På kvart styremøte i Misjon Sarepta har vi på saklista eit punkt om nye arbeidarar, både i Norden og i Spania. På styremøtet for nokre dagar sidan hadde vi ein etter måten omfattande samtale om dette. Det vart opplyst om 2-3 forholdsvis unge menn som var aktuelle til å gå inn i mindre stillingar i Sarepta, slik at dei kunne kombinera dette med eit «vanleg» yrke. Det er fint, men dei kunne av ulike grunnar ikkje starta før i 2025.

Vi skulle gjerne hatt nokre ut også i inneverande år, og vi arbeider med det. Vi hadde lagt eit budsjett som inkludert tilsvarande ein ny forkynnarstilling på årsbasis i 2024, og så fekk vi altså ei stor gåve etter det. Det synest som at Herren no har gitt oss midlar, og vi leitar etter folk.

Det er ei oppmoding til Guds folk å be Herren driva ut arbeidarar, og å gje oss i leiinga i Sarepta – og leiinga i alle andre kristne samanhengar – opne augo, slik at vi ser dei Herren kallar og utrustar, og at vi får visdom og frimod til å kalla desse. Det er viktig at det er nett dei Herren kallar og utrustar med åndeleg innsikt og nådegåver, som vert sette til teneste.

Johannes Kleppa