Sareptas krukke på Bedehuskanalen

TV12 Bedehuskanalen er eit veldig bra tiltak som Misjon Sarepta har støtta like frå starten. Vi har hatt eit mål om å bidra med eit program der, men av praktiske grunnar har det dreg ut før vi har fått det til, men no skjer det. Programmet ber namnet Sareptas krukke, og har ein tydeleg Sarepta-profil i introduksjon og design.

Tysdag 20. februar kl. 21.00 går det første programmet på lufta. Det vil koma eit nytt program kvar 14. dag, og tysdag kl 21.00 vil vera fast tidspunkt. Programmet vil gå to gonger i reprise og første gongen vil det vera onsdag kl. 08.00 og torsdag kl. 19.00. Seinare vil det nok vera andre tidspunkt for reprisane.

Sareptas krukke er altså produsert av Misjon Sarepta, og det formannen i Sarepta, Johannes Kleppa, som står for programmet, medan Bedehuskanalen står for den tekniske produksjonen. Programmet varer 30 minutt, og som oftast vil det vera eit samtaleprogram med ein song midt i og som avslutning. Ein del av samtalane vil vera med sentrale folk i Sarepta om ulike sider ved Sarepta sitt arbeid. Andre gonger vil det vera om aktuelle tema. VI vil også ha nokre song- og musikkprogram og nokre med rein bibelundervisning

I det første programmet er Arild Melberg, dagleg leiar ved Centro Sarepta, gjest. Vi får verta litt kjent med han og arbeidet ved Centro Sarepta. Dessutan syng han to songar.

Det er også produsert program med professor Egil Morland om kyrkja sin motstandskamp under siste verdskrigen, og kva vi kan læra av den. Vi har også klart eit program med redaktør Kari Fure om forfylgde kristne og bibelspreiing, eit program med Kristian Fagerli, forkynnar i Sarepta, om å vera misjonær og forkynnar, og eit med bibelundervisning frå Salomos Høgsong – og fleire er på beddingen.

Vi trur desse programma vil vera eit godt tilskot til Bedehuskanalen sine program, og vi trur det vil vera tenlege program for Misjon Sarepta sitt arbeid. Vi håper mange vil sjå programma, og spreia informasjon om dei på Facebook, på møte og i andre samanhengar.

Johannes Kleppa