GOD  START  PÅ  SONGHELGA i ØRSTA.

I kveld starta songhelga i Ørsta bedehus. Ikkje berre ørstingar var komne til bedehuset, men mange frå andre bygder hadde møtt fram. Talar denne helga er Even Ydstebø, og det var også han som var songaren denne første kvelden. Vi fekk informasjon om misjonsarbeidet i Spania. Even talte i kveld frå det første kapittelet i Kolossarbrevet. Slik står det om Jesus: Han er den som fridde oss ut frå mørkets makt og sette oss over i sin kjære Sons rike. I han har vi utløysinga, forlating for syndene( Kol.1, 13-14). Møtet slutta med samling rundt kaffeborda i peisestova.

Even Ydstebø på talerstolen i Ørsta

I morgon, laurdag er det samling kl.17.00. På søndag er det møte kl.11.00 og 17.00. Sunnmørsgutane, Linda og Paul Arne Ulstein og fleire andre deltek med song  på møta vidare i helga. Velkommen frå heile Sunnmøre til samlingane i Ørsta bedehus.

Ståle Tønnesen