Israel og Hamas – kor er realismen?

Når ei ein les og høyrer kommentarar frå det som skjer i Midt-Austen for tida, må ein ofte lura på kor realismen har vorte av. Det gjeld særleg politikarar, mediafolk, hjelpearbeidarar og andre samfunnsaktørar. Realismen synest å vera størst når militærfolk uttalar seg. Det faktum at det skjer fryktelege lidingar i Gaza, og at desse berre synest å tilta, må ikkje føra til at vurderinga av totalsituasjonen vert urealistisk. Der realismen forsvinn, vil problema berre auka, særleg på lang sikt.

Det er viktig at verdssamfunnet gjer alt ein kan for å hindra lidinga i Gaza, som i Ukraina og andre stader med krig eller naturkatastrofer. Det må også kristne gjera, og vårt største bidrag er nok bønn. Det er to grunnleggande forhold som ein må ha eit realistisk forhold til, om det skal vera håp om betre tider i Midt-Austen.

Det eine er den faktiske situasjonen Israel fører ein forsvarskrig i. Det er ikkje nok å seia at Israel har rett til å forsvara seg. Det må også seiast at dei har rett til å gjera det på den måten, med dei midlane og i det omfanget som situasjonen krev. Då må ein ta på alvor kven fienden er. Ein må ha ei realistisk forståing av kven Hamas er og korleis Hamas arbeider. Det er ikkje nok å seia at dette er ein terrororganisasjon, men ein må sjå konkret på korleis dei arbeider og korleis dei brukar folket på Gaza i sitt prosjekt – som er å utsletta Israel som jødisk stat, og helst også fullføra det Hitler ikkje klarte.

I ein kommentar i VG påpeika Hanne Skartveit at Israel byggjer bomberom, inkludert bomberom under sjukehus som dei kan driva den viktigaste behandlinga frå, om sjukehuset vert bomba. Hamas byggjer ikkje bomberom, men tunnelar. Desse tunnelane er ikkje tilfluktsrom for vanlege folk, men det er kommandosentralar, våpen- og ammunisjonslager og skjulestader for Hamas-folk, særleg leiarane. Slike tunnelar vert bygde midte under byar, inklusivt under sjukehus, skular og andre sentrale bygningar. I tillegg til sjølve tunnelane brukar ein då folk som vern for seg, inkludert pasientar på sjukehus. Tunnelane vert også brukte til terrorangrep inn på israelske område.

Dette er litt av den realistiske situasjonen Israel skal føra sin forsvarskrig i. Hamas opererer altså på ein slik måte at dersom Israel skal ramma denne terrororganisasjonen, må dei ramma sivile mål. Det er ikkje Israel, men Hamas si skuld og sitt ansvar. Når det nærast vert kravd av Israel at dei ikkje må ramma sivile i sin kamp mot Hamas, er det i realiteten å krevja at Israel ikkje å må føra i krig mot Hamas i den faktiske situasjonen. Då får Hamas leva og herja fritt.

Når Hamas opptrer som dei gjer, er det dei som er skuld i at sivile vert råka. Det er tydeleg at Israel gjer alt som står i deira makt for å skåna sivile. Det skjer ved å be dei forlata områda som Hamas held til i og som Israel må angripa, men endatil det vert kritisert. Også ved førebuinga og sjølve krigføringa gjer Israel det dei kan for å spara sivile, trass i at det utset deira soldatar for ekstra fare og trass i at sivile ofte medvite opptrer i samråd med og i teneste for Hamas.

Det andre er at ein må ha ei realistisk oppfatning av Hamas og deira ideologi, som er religiøs og politisk islamisme. Det er generelt slik i islam, at ein opererer med fredens hus, som er der islam råder, og krigens hus, som er der islam ikkje har makt, men som dei bør, skal og må leggja under islamsk herredøme. Til dette kan det brukast vald og heilag krig. I islamismen vert dette lærepunktet forsterka og aktivisert. I tillegg kjem at område som har vore under islamsk kontroll, men ikkje er det no, må gjenerobrast. Dette er ei religiøs plikt, og det er til vanære for Allah om det ikkje skjer. Det er situasjonen for det området som utgjer Israel. På toppen av dette kjem det antisemittiske elementet som ligg i islam, og som ved ein islamistisk organisasjon medfører at jødane skal utryddast. Drap av jødar er med det ikkje berre forsvarleg ut frå situasjonen, men det er rett og godt – og det vert hylla.

Dersom ein ikkje tek på alvor kva organisasjon Hamas er, opptrer ein urealistisk. Hamas må bort om det skal verta fred og levelege kår i Midt-Austen. Det er Israel klar over, men dei har aldri klart eller fått lov til å ta det endelege oppgjeret med Hamas, men no synest dei innstilte på det, og det vil vera godt om dei klarer det. Om Hamas vert utsletta som organisasjon, vil Israel framleis vera i ein alvorleg og utsett posisjon, fordi dei er omgjevne av islam på alle sider, med den generelle ideologien som er her. Med eit sterkt forsvar vil Israel truleg kunna overleva med det, men Hamas med sin terror må bort.

Johannes Kleppa