Motkulturelt i dagens samfunn

Som eg før har skrive i denne spalta, har vi denne hausten fleire skular på besøk på Centro Sarepta. Denne veka har vi hatt tiande klasse frå Tryggheim Strand, eigd av NLM, og det har vore eintydig positivt sett frå Sarepta si side. Elevane har vore med på mogonsamlingane og på den første bibeltimen. Dei har fått ei innføring om Spania og Sarepta sitt arbeid her, dei har vore med på møte i ei lita spansk forsamling, og ellers har dei hatt diverse undervisning og opplegg for seg sjølv. Eg trur dette er svært positivt for unge i denne alderen.

Underteikna har hatt gleda av å ha tre timar med klassen om det å leva motkulturelt i dagens samfunn. Motkulturelt vil her seia å tru, tenkja og leva kristent i dagens sekulariserte samfunn. Det er eit omfattande tema som har mange sider ved seg, og ein del kjem best fram om ein ser det i litt historisk perspektiv og i lys av ulike ideologiske tankeretningar. Det er generelt viktig at kristne skular gir hjelp på dette området, og at ein også ved visse høve set eit spesielt søkjelys på det.

Det er ikkje tvil om at svært mykje har endra seg på det åndelege og ideologiske planet på svært kort tid, og alt dette har sitt grunnlag i den filosofiske og vitskapelege endringa som har skjedd frå 1700-talet og fram til vår tid. Det grunnleggjande er at openberringa, altså Guds ord i Bibelen, over tid har vorte trengt til sides, og no i alle hovudsak er fråverande i kulturen, skulen og samfunnet generelt. Mennesket orienterer seg ut frå seg sjølv, ikkje ut frå Gud. Den sterkaste ideologiske krafta i dette er den naturalistiske evolusjonslæra, som gjennomsyrer alt – og særleg utdanningssektoren.

Det starta med at mennesket orienterte seg ut frå fornufta, og vi fekk rasjonalismen eller modernismen. Sjølv om denne var lausriven frå Guds ord, tenkte ein like fullt i stor grad at det var ei sanning, og denne kunne ein finna fram til via naturen og fornufta. Det, saman med evolusjonslæra, skapte ei voldsom framskrittstru. Denne slo store sprekker ved den første og den andre verdskrigen, ved fasismen og nazismen, ved russisk og kinesisk kommunisme. Den reine rasjonalismen svikta.

Dette førte til at ein meir orienterte seg ut frå erfaringar, kjensler og opplevingar, og med det vart alt subjektivt og relativt. Dette er det vi kallar postmodernismen. Ein orienterte seg altså framleis ut frå mennesket, men på ein annan måte enn før. Sanninga gjekk i oppløysing, og det same gjorde språket. Det er ikkje lenger ei objektiv sanning, men sanninga er fragmentert. Det ein sjølv opplever som sanning, er sanninga for ein sjølv – og så kan andre oppleva noko heilt anna som sanning for seg. Språket er ikkje i stand til å formidla ein bestemt bodskap eller ei definert sanning, men er berre lydar som kvar oppfattar på sin måte.

Som ein grunnstruktur i dette ligg evolusjonslæra, slik denne pregar all offentleg opplæring. Evolusjonslæra er naturalistisk og har det tilfeldige som prinsipp. Det er tilfeldig at noko i det heile er til, det er tilfeldig korleis det heile har utvikla seg, det er eit tilfeldig nivå alt er på no og det er tilfeldig kva som vi skje framover. Det er ikkje eit bestemt opphav for tilvære, universet og mennesket. Alt er utan mål og meining. Døden, lidinga og vondskapen er innebygd i det heile. Med eit slik grunnlag må det gå galt anten ei orienterer seg ut frå fornufta og mennesketanken, eller ut frå mennesket sine erfaringar, opplevingar og kjensler.

Ved at openberringa og gudsdimensjonen har mista taket på folk, har det heile vorte menneskeorientert og materialistisk. Materialismen er dennesidig orientert og er ei åndsmakt som bind folk til pengar og andre materielle verdiar. Dette er truleg den største av alle utfordringar.

Den som vil leva motkulturelt i denne situasjonen, har ei stor og vanskeleg oppgåve i å riva ned alle tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud, men det er ei viktig og nødvendig gjerning. Det som er minst like viktig, er å ta tanken til fange i lydnad mot Kristus, slik at ein reiser tankebygningar i samsvar med Gud og til forsvar for Ordet. Det må skje ut frå Bibelens fire hovudpunkt: skapinga, syndfallet, frelsesverket og den kristne vona.

Johannes Kleppa