Pengar til «ny» bil

Vi hadde vore på ein flott fjelltur rundt vakre Sierra Bernia. Vi sette oss i vår gamle gode Ford Focus med automatgir for å kjøra til Centro Sarepta. Dei første kilometerane var på ein nyasfaltert smal og svært bratt veg med mange skarpe svingar. Det vart bremsa både med gir og pedal. I det vi hadde kome rundt den siste hårnålsvingen, auka farten litt og eg trødde på pedalen for å bremsa, men den stod bom fast. Same kor hardt eller korleis eg trødde, rikka pedalen seg ikkje. Det var eit kort stykk til ein liten flate, og der fekk eg lirka giren i fri og stoppa med handbremsen.

Der tok den kjære Focusen kvelden. Han hadde gjort si siste teneste for oss. Bilen vart henta og mekanikarane konstaterte raskt at motoren var havarert. Vi har ingen grunn til å klaga på det. Vår gamle kjære bilvenn har tent oss trufast i mange år til ein billig penge.

Bilen har vorte brukt til evangeliseringsturar, henting av varer og mange salgs ærend. I tillegg har bilen vore til glede for mange gjester ved henting, fjellturar, til badestranda, til shopping, sightseeing og kva det måtte vera. Om Focusen ikkje nett har vore nokon luksusbil, har det vore ei stasjonsvogn til stor nytte og glede.

Centro Sarepta måtte altså ha «ny» bil. Rett nok kjøpte vi for vel eitt år sidan ein niseter, og den er også til glede og nytte, men ikkje alle kan kjøra den og vi treng ofte to bilar. Heldigvis hadde vår gode verkstad i Alfaz del pi ei stasjonsvogn som dei skulle selja, og som var nokså ideell for oss. Den kjøpte vi for ca kr 50.000.

Problemet var at dette hadde vi ikkje budsjettert med, og med det tappar det kontoen meir enn vi likar. Vi tenkte då at nokon som har hatt glede av den gode gamle Focusen, kunne tenkja seg å bidra til kjøp av ein «ny» bil, og at andre som ser behovet for ein slik bil, også kunne delta. Vi ville vera svært takksame om vi kunne få nokre ekstragåver som finansierer dette kjøpet. Du som vil vera med på det, kan senda ei gåve til konto 3000.31.58000 eller vipsa til 11616, og merka gåva med «bil».

På førehand takk!

Johannes Kleppa