Anden er forkynnar

Ved pinse er det mange bibelske element vi kan fokusera på. Det gjeld sjølve pinsehendinga med eldtunger og tale på ein slik måte at alle forstod det, trass i ulike språk. Sjølve saka pinsedag, det som viser poenget med pinsehendinga var at læresveinane med Peter i spissen steig fram og talte med frimot om Jesus. Dei viste ut frå Skriftene at han var Messias, og dei sette Jesu oppstode frå dei døde i fokus.

Vi kan også løfta fram ulike sider ved Andens person og gjerning, slik som Andens kraft, Andens fylde, Anden gåver og Andens frukt. Alt dette er svært viktig, men Skrifta har likevel ein spiss i framstillinga av Anden, og det er at han er Talsmannen og Sanningsanden. Han er Openberringsanden, han som lærer oss kven Jesus er, kva frelsesverket er, korleis vi vert frelste, kva Guds vilje er og kva vi eig ved trua på Jesus Kristus.

Det er klokt å gå til Jesu avskilstale og Jesu himmelfart for å få grei på kven Anden er, og kva hans oppgåve er. Det gjer Jesus svært tydeleg i lovnaden om å senda Anden. Jesu lovnad om Andens kome til jorda, er samstundes som ein programtale for Andens oppgåve og gjerning på jorda.

Det første vi då skal merka oss, er at Jesus konsekvent omtalar Anden som «han». Det svarar til slik den treeinige Gud stig fram og er omtalt. Gud er alltid omtalt og definert som hankjønn, Det vert udiskutabelt klart ved dei to første personane i guddommen, Faderen og Sonen. Ved at den treeinige Gud er eitt guddomsvesen, gir det seg då sjølv at Anden også er «han».

I dei teologisk forvirra og kjønnsforvirra tidene vi lever i, er det nokre som har fått det føre seg å tala om Anden som «ho». Det synest som at det i likestillinga sitt namn må førast inn eit kvinneleg kjønn i guddommen. Det strid med alt det Bibelen seier om Gud, og om forholdet mellom Gud og Guds folk, som vert omtalt som forholdet mellom brudgom og brud, mann og og kone. Det å omtala Anden som «ho», altså definera Anden som kvinne eller kvinneleg, er omskriving av Guds vesen, og med det trinitarisk vranglære.

Når Jesus talar om Andens kome til jorda, har det to hovudperspektiv. Det eine er at Jesu læresveinar ikkje skal vera farlause. Gud er på jorda ved Anden, slik at vi kan leva som Guds barn i fortuleg samfunn med Gud, med alt som ligg i farsrelasjonen og farsomsorga.

Det andre er at Anden skal tala. Han er talsmann og forkynnar, og det han seier er sant. Han er Sanningsanden. Jesus gjer også klart kva han skal forkynna. Han skal ta av det som høyrer Faderen og Sonen til og forkynna for læresveinane, og så skal dei bringa det vidare – det er sjølve aposteloppgåva eller apostolatet. Anden skal minna dei om alt dei har sett og høyrt i samværet med Jesus, og Anden skal læra dei kva dette betyr. Det er det vi kallar openberring. Ved denne openberringa vert Jesus herleggjort. Det er essensen i pinsebodskapen og i Andens gjerning.

Det siste Jesus gjorde før himmelfarten, var å ta oppatt lovnadene om Andens kome til jorda. Ved Andens kome over dei, skulle dei få «kraft», men Jesus stoppa ikkje med det. Dei skulle ikkje få kraft til kva som helst eller som ei personleg kraftkjensle. Andens kraft hadde sitt siktemål i at dei skulle vera Jesu vitne, og det frå Jerusalem til endane av jorda. Andens kome og kraft skulle føra til verdsmisjon.

Hovudsaka ved Anden er altså at han er forkynnar som herleggjer Jesus, og at han utrustar oss med kraft til vitneteneste, forkynning og misjon.

Johannes Kleppa