Vekking – kva og korleis

Ordet «vekking» vert brukt i litt ulike samanhengar, og om ulike fenomen. Nokre gonger er det snakk om at ein vaknar for ei eller anna sanning eller sak. For nokre år sidan var det mykje snakk om ei sosial-etisk vekking. Seinare har andre «saker» kome i fokus.

Historisk er likevel omgrepet nokså eintydig. Det dreier seg om at relativ mange på kort tid og innan eit avgrensa geografisk område kjem til tru på Jesus Kristus og vert frelste. Dei går over frå døden til livet. Det vert slik sett vekte til nytt liv, og med det til ein ny livsførsel og ei ny teneste. Slik vekking kjenner vi like frå apostlane si tid og til vår tid – ja, like frå Jesu tid og vi vil finna det like til Jesu atterkome.

Då eg i min ungdom gjekk på bibelskulen i Bergen (no Bildøy), hadde vi Bernhard Eide i preikelære. Han var ein svært lærd sokneprest med doktorgrad i preikelære. Han sa at det ikkje var nokon spesiell vekkingsteologi, men vekkingsforkynninga hadde ei spesiell vektlegging og eit spesielt siktemål. Målet var at folk skulle koma til erkjenning av si synd, koma til omvending og tru på Jesus. Difor var det det stor vekt på synd og nåde, lov og evangelium. Sidan det var slik, finn vi vekking innan alle evangeliske kyrkjesamfunn, påpeika han.

Eg trur dette er ein rett observasjon. I aposteltida og oldkyrkja kan vi ikkje tala om ulike kyrkjesamfunn eller konfesjonar, men det var omfattande vekkingar. Dei første 500 åra etter Kristus spreidde evangeliet seg med eksplosiv fart rundt Middelhavet, langt mot Aust og langt oppover i Europa. Det er truleg den perioden med dei mest omfattande vekkingane i heile kyrkjehistoria.

I Mellomalderen var det ikkje like store vekkingar, men også då gjekk evangeliet fram, både i vest og i aust. Det skjedde ikkje minst knytt til klosterrørsla med sine omvandrande predikantar, diakoni og undervisning.

Når vi i dag snakkar om vekking, tenkjer vi i stor grad på det som har skjedd i Europa og ved verdsmisjon. Dei omfattande vekkingane vi har hatt i Europa og som førte til omfattande misjonsarbeid, går tilbake til pietismen. Den utskjelte pietismen er etter mitt skjønn den mest positive åndsretninga vi har hatt i Europa. Det viser særleg vekkingshistoria. Frå rundt år 1700 og framover gjekk det gjennomgripande vekkingar over store delar av Europa. Det førte i neste omgang også til vekking i andre verdsdelar ved misjon.

Sjølv om pietismen har sitt opphav innan lutherdomen, var det ved denne som ved vekking, ikkje primært ein spesiell teologi, men ei spesiell vektlegging i teologien og eit spesielt siktemål i forkynninga. Difor vart pietismen i stor grad evangelisk felleseige og tverrkyrkjeleg. Vi ser det både innan Metodistkyrkja og Baptistkyrkja, som begge var pietistisk prega og vart berar av vekking og misjon. Det same gjeld seinare pinserørsla og andre evangeliske samanhengar.

For vårt land skyt vekkingane verkeleg fart rundt år 1800 ved Hans Nielsen Hauge, men det hadde vore pietistisk inspirerte vekkingar også før den tida. Det meste av vekkingslivet etter det har vore knytt dei kristne lekmannsorganisasjonane og bedehuset, men også til frikyrkelege samanhengar og nokre gonger til prestar og Den norske kyrkja. Dei aller mest omfattande vekkingane trur eg vi hadde på byrjinga 1900-talet, og desse var i stor grad av roseniansk karakter, etter inspirasjons frå den svenske vekkingsleiaren Carl Olof Rosenius.

Diverre har vi ikkje noko samla historisk framstillinga av vekkingslivet, og difor vert framstillinga av vekkingane til tider nokså prega av ståstaden til den som skriv. Dessutan vert den historiske horisonten ofte kort og avgrensa, og nyare vekkingar får større proporsjonar enn dei historisk fortener.

Vi les for tida om vekking i Vigeland, og det vert spennande å sjå om denne kan gripa om seg, og føra oss inn i ei ny vekkingstid som grip djupt og omfattande inn i folket. Det får vi be om!

Johannes Kleppa