Ordet vart menneske

Det er både underleg og svært talande at Jesus vert kalla Ordet (Joh 1,1-18). Ord og person er jo to nokså ulike ting. Ved Jesus vert dei knytte saman, slik at Jesus ber namnet Ordet. Ja, det er meir enn eit ytre namn. Det heiter at Jesus «var» Ordet, og at Ordet «vart» kjøt og tok bustad hjå oss. Det er ein identitet mellom Jesus som Ordet frå æva, og Jesus som menneske på jorda, samstundes er det uttrykk for ei endring. Jesus vart noko han ikkje var før, han vart menneske.

Det er sterke ord som vert brukte om Jesus som Ordet: Han var i opphavet, han var hjå Gud og han var Gud. Alt dette var altså Jesus som Ordet. Uttrykka «ord» eller «ordet» talar om språk eller kommunikasjon. Det er noko som vert meddelt. Det talar om relasjon eller samfunn mellom dei som talar. Slik er det med all bruk av ord, og det at mennesket har eit språk, er ei skapingsgåve. I det mennesket vart skapt i Guds bilete, vart det skapt med språk, slik at mennesket kunne ha samfunn med Gud og med kvarandre. I Edens hage ser vi det konkret, ved at Gud snakka med Adam og Eva, og ved at dei snakka med kvarandre. All denne kommunikasjonen føregjekk på det språket Adam og Eva var skapte med.

Når det så gjeld Gud, har dette ein ekstra dimensjon, og det kjem til uttrykk ved at Jesus er kalla Ordet med stor O. Det har sin grunn i at Guds tale er meir enn menneskeleg informasjon, det er uttrykk for skaparmakt. Gud skaper ved tale, slik vi ser det i skapingsforteljinga. Dette skaparordet er Jesus etter sin person og sitt vesen. Han seiest difor å vera Ordet, og som Ordet var han sjølve Guds skaparmakt. Her er også utgangspunktet for at Guds ord er nådemiddel.

På bokmål heiter det at «i begynnelsen» var Ordet. Det er rett, men det fokuserer nokså einsidig på sjølve startpunktet. Det nynorske «i opphavet» har eit breiare innhald. Det er uttrykk for eit startpunkt, men også uttrykk for det som det heile startar i. Vi brukar uttrykket at noko har sitt «opphav i». Då får vi fram utgangspunktet og grunnen til det heile, det karakteristiske. I Bibelen vert Jesus omtalt som opphavet eller at han er opphavet, særleg knytt til skapinga og frelsa.

Heile tilværet har sitt opphav i Jesus. Han var i opphavet den som alt gjekk ut frå, og den som alt vart til ved. Han var starten, men også den som alt står ved lagt ved og den som alt er skapt til. Det var dette Ordet, sjølve skaparordet, som vart menneske for å frelsa verda. Det er ein indre samanheng i Jesu person mellom skapinga og frelsa. Det er også ein indre samanheng mellom skaparkrafta og frelseskrafta. Det siste viste seg på særleg måte ved Jesu oppstode – han er den førstefødte av dei døde, og vi andre fylgjer på.

Det er ei ufatteleg sak at han som var Ordet, og som alt vart til ved, vart eit menneske som deg og meg. Det overskrid alt som vi menneske er i stand til å førestilla oss, og difor finst heller ikkje denne tanken i nokon religion, religiøsitet eller filosofi. Det er særeige for kristendommen, og særkjenne for kristen tru og frelse. Sjølv om det overstig våre føresetnader, kan vi like fullt tileigna oss denne sanninga, fordi Gud har openberra henne. Guds openberring ligg i at Jesus er Ordet, og han lærer oss difor Gud å kjenna på rett vis – særleg det at han vart menneske til vår frelse.

Ordet vart «kjøt», altså eit ekte menneske, men han vart ikkje født på kjøtleg vis, men unnfanga ved Den Heilage Ande. Han var eit sant menneske, men utan synd. Ved syndefallet vart alt som høyrde skaparverket til, lagt under synd, og med det var alt under Guds dom. Då Jesus kom til jorda, vart det eitt syndefritt punkt – Jesu person. Då kunne Faderen ta all verda si synd og plassera henne på Jesu kropp, og straffa synda der.

I ein profeti seier Messias at Gud ikkje ville ha offer og gåver av han, men han gav han ein kropp (Heb 10,5-12). Ved at denne Jesu kropp vart ofra, vart mennesket helga. Jesus gjekk med det i vår stad ved å ta synda på seg og gå inn under Guds dom. Det var av den grunn Ordet vart menneske – ufatteleg, men sant.

Fra boka «Til Betlehem» av Johannes Kleppa