Til Betlehem, Davids by

Det er mange byar som er omtalte i Bibelen, men to byar står i ei særstilling – Betlehem og Jerusalem. Jesus var også i mange andre byar, men det er i Betlehem og Jerusalem det viktigaste skjer. Den første er julebyen, og den andre er påskebyen.

Det er ein del som for våre augo verkar tilfeldig, men som er nøye fastlagt i Guds plan. Det gjeld også det som skjer i desse to byane. Som hovudstad var Jerusalem ein kjent og viktig by, så det er nokså naturleg at viktige ting skjer der. Betlehem, derimot, var ein liten og ukjent by. Det skulle altså mykje til for at noko viktig skjedde der. Det var like fullt i denne vesle byen Gud kom til jorda. Gud kan bruka det som er stort i menneska sine augo, men han brukar ofte det som synest å vera lite.

Sjølv om vi ikkje veit det presise tidspunktet då Jesus vart født, er det like fullt nøyaktig historisk og geografisk bestemt i Skrifta. Tidspunktet var på den tida Kvirinius var landshovding i Syria, og keisar Augustus heldt manntal. Folketeljinga føregjekk på den måten at alle reiste til den byen dei stamma frå, og skreiv seg inn der. Josef drog difor med si gravide Maria til Betlehem, fordi han var av Davids ætt, og skulle difor skrivast inn i Davids by.

Det var nok ingen som tenkte på at Josef og Maria var på veg til Betlehem, fordi det var der Messias skulle fødast. Dei hadde fått openberra kven Jesu var, og at han hadde vorte til i Marias liv ved Den Heilage Ande, men dei hadde nok ikkje fatta djupnene i det med tanke på profetiane om den komande Herrens tenar, Messias. Dessutan var profetien om at Messias skulle fødast i Betlehem, ikkje av dei mest kjente profetiane. Det var jo naturleg at dette skulle vera fødestaden, sidan det var Davids by, og Messias skulle vera av Davids ætt. Dette fell godt saman med at Josef stamma frå kong David, og den folketeljinga som skulle vera.

Det er i forteljinga om vismennene frå Austerland at det med byen vert løfta fram som eit poeng. Dei hadde fått openberra at det var født ein konge, ein jødekonge. For å sjå og tilbe han gjekk dei sjølvsagt til Jerusalem. Kongefødselen måtte ha skjedd i hovudstaden, men det hadde ikkje vore nokon fødsel i kongsgarden.

Både kongen og folket vart redde då dei høyrde at ein konge var født. Når det ikkje hadde skjedd i kongefamilien, måtte det dreia seg om Messias. Spørsmålet var kor profetane hadde sagt at han skulle fødast, og det visste dei skriftlærde og øvsteprestane godt svaret på – i Betlehem. Det hadde profeten Mika fått openberra (5,1), og det var gjort eit poeng av at dette var ein svært liten by. Han som skulle fødast der, hadde vore til frå æveleg tid, og han skulle herska over Israel.

Då vismennene kom til Betlehem, fann dei barnet – kongen. Dei tilbad og drog derifrå. Herodes, derimot, såg seg truga av barnet, og gav ordre om at alle gutebarn under to år skulle drepast. Dette barnemordet førte likevel ikkje til at Kongen vart teken av dage. Faderen verna om Sonen ved å senda Josef og hans vesle familie til Egypt. Djupast sett var det djevelen som her prøvde å gjera ende på Messias, slik at frelsa skulle mislukkast. I alle møte med Gud taper djevelen. Frelsaren fekk leva, til han sjølv gav livet til soning for syndene våre.

Betlehem er fødebyen, julebyen. Det både Josef og Maria hadde fått beskjed om frå engelen då Maria vart med barn i Nasaret, vart oppfylt etter profetiane i Betlehem. Fødestaden garanterte for at englebodskapen til Josef og Maria var sann.

På grunn av folketeljinga var det mykje folk i Betlehem på denne tida, men elles var alt ved det vanlege. Gjetarane heldt vakt over sauene sine om natta. Det hadde dei gjort mange gonger, og dei rekna nok ikkje med at denne natta skulle verta ei annleis natt – om dei i det heile tenkte på korleis natta skulle verta. Då skjedde det som aldri hadde hendt før, og som aldri sidan vil skje. Det stod plutseleg ein engel der, og det var lyst, og engelen forkynte kort og kontant:

«I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.»

Fra Til Betlehem, av Johannes Kleppa