Skaparordning og tidsrekning

Ved skapinga ordna Gud det slik at det vart ulike skaparordningar. Desse er uttrykk for Guds gode vilje for alle mennesket, og Gud held skaparverket og sin gode vilje oppe ved desse ordningane. Når mennesket prøver seg med andre ordningar for tilværet, går det heile i stå, og når mennesket bryt skaparordningane, vert det til skade for mennesket.

Skaparordningane baserer seg på den orden som skjedde ved skapinga, og då på at denne skjedde på sju dagar. Det kan synast upraktisk med sju dagar som strukturen for vekeinndeling, og med det for månader og år. Det går ikkje opp i runde tal. Det har difor vorte gjort forsøk på å innføra veker med ti dagar, og la det danna orden for månader og år. Det har samstundes vore uttrykk for å fri seg frå kristen tenking. Det har vist seg at då gjekk det heile i stå, og ein måtte raskt gå tilbake til sjudagarsordninga. Mennesket kan ikkje overstyra Gud og skaparordningane, same kor sterkt ein ønskjer det og prøver på det.

Ordninga med sju vekedagar inneber også at det er seks arbeidsdagar og ein kvile- og helgedag. Denne ordninga kan ein heller ikkje oversjå om ein vil ha eit harmonisk og livskraftig samfunn. Rett nok kan dette ordnast litt ulikt reint praktisk med tanke på sabbat eller søndag, og det må tilpassast at samfunnshjulet skal gå rundt. Kvile og arbeid må likevel avstemmast skaparordninga, om samfunnet og kroppen skal halda seg frisk og sunn. Rovdrift på arbeid og kropp vil over tid straffa seg med tanke på fysiske og psykiske plager. Det er grunn til å tru at mykje av uro, slitasje og psykiske problem som er i dagens samfunn, går tilbake på brot med skaparordninga for arbeid og kvile.

Dette forsterkar seg ved at kviledagen som helgedag er nesten heilt borte frå samfunnet, og også vert nokså sløvt praktisert av Guds folk. Der materialisme og fritidskultur utan gudsfrykt råder, får det negative konsekvenser for samfunnet. Der rasjonalismen og materialismen tek plassen for Gud, vert samfunnet tappa for livskraft og det vert kaldt.

Då Gud skapte sol, måne og stjerner, skapte han også tida. Gud er evig, men frå den augneblinken var det eit univers som var styrt av tid. Det vart innretta etter dagar, veker og år. Tida er lineær, altså at ho går i ei line frå ein start og framover mot eit mål. Tida er ikkje syklisk eller går i ring utan mål og meining. Etter eitt år får vi årsskifte. Gud har knytt styring av tida til sola, og det har også gitt oss ulike årstider. Desse kjem heilt regelmessig, sjølv om dei kan variera litt frå år til år. Slik vil det vera til avslutning av tida, det vil seia ved Jesu atterkome der alt vert æve.

Tida har altså sitt utgangspunkt i skapinga, der toppen på verket var skaping av mennesket i Guds bilete. Då er det naturleg å starta tidsrekninga der, slik jødane gjer. Det var jo Israels Gud som skapte, og då er det eit naturleg startpunkt, sjølv om det kan vera vanskeleg eller umogleg å fastslå heilt sikkert det første året. I andre kulturar, som ikkje har Biblenes tankeunivers som orienteringsspunkt, har ein andre former for tidsreking. Kristent sett kunne ein hatt skapinga som utgangspunkt, men det var enda meir naturleg å bruka Jesu fødsel. Då kunne ein bruka Guds kome til jorda som orienteringspunkt både framover og bakover. Frelseshandlinga og skaparhandlinga vart med det knytte saman.

Den kristne tenkinga og praksisen har også laga seg eit kyrkjeår, der dei ulike sentrale frelseshandlingane har sin faste plass med utgangspunkt i advent og jul. Frå Jesu fødsel går året sin gang via påske og forsoning, pinse og Andens komme til Jesu himmelfart og venting på hans atterkome.

Dette kyrkjeåret er knytt saman med skaparordninga på den måten at Jesu namnedag fell på første nyttårsdag. Starten på eit nytt år er knytt til Jesu kome til jorda som frelsar. Det er tankevekkande med tanke på korleis ein tenkjer om tida, skaparordninga og frelsesverket.

Vi får altså bokstavleg tala starta det nye året i Jesu namn!

Johannes Kleppa

bilde: Adobe stock