Jærtun, misjonsprosjekt Sarepta

Jærtun er ein kristen friskule med rundt 95 elevar. Det var her eg sjølv fekk ha mitt virke i 17 år. Kvart år samlar elevane inn til eit misjonsprosjekt. Dette året valte dei Sarepta som det dei ville støtte.

Måndag var Arild på besøk og fortalte litt for heile skulen. Vi fekk også besøk av Andreas Norbye på direktelinje frå Spania. Neste dag fekk eg fått ha ein time om misjon i kvar av klassane.

Pengane betyr mindre i denne samanhengen. Det viktigaste er at elevane tidleg kan lære at ytremisjon er naudsynt. Det er eit kall til oss frå Gud. Det minkar på norske misjonærar. Stadig meir av norske kollekt-kroner går til arbeid i Noreg. Sarepta har omlag 50/50 fordeling Noreg/Spania.

Kvifor misjon i Spania? Det var temaet til Arild. Eg fekk halde fram neste dag. Fordi det bare er eit namn til frelse. Bare eit einaste. Det er namnet Jesus.

Likevel er det ikkje slik at folk ventar på bodskapen. Misjon er ofte eit langsomt arbeid. Folk er bundne av så mange ting, religionar, ideologiar, tvil eller dei er for travle til å tenka på Gud.

Og Gud tvingar ingen til tru. Det er som Jesus som tok opp øyra til Malkus. Han møtte sine fiendar med djup kjærleik, og legde øyra. Sverdet som Peter brukte, ba han han om ikkje å bruke. Det hjelper ikkje i misjonsverksemd. Men kjærleik i gjerning og evangeliet i ord, det er misjon. Dette prøvde vi å få formidle denne dagen.

Takk til Jærtun som vil støtte arbeidet vårt i Spania!

Ole Andreas Meling