Abort – politikk og KrF

Abortspørsmålet har i mange år vore ei kontroversiell sak i politikken, ikkje minst på 1970-talet. No har det på nytt fått ekstra trykk. Det har gjort at Kristeleg Folkeparti (KrF) har kome i skvis. Lenge stod dette partiet svært støtt i denne saka, og fronta fosteret sin livsrett og med det også ei lov om livsvern. Etter kvart vart parti nokså åleine om det på Stortinget. No står kampen om å liberalisera abortlova ytterlegare. Friabortprinsippet kan verta skyve frå veke 12 til veke 18, og nokre vil endatil ha det like fram til fødselen. Spørsmålet er omdefinert frå livsrett til kvinnerett.

I denne situasjonen har KrF dei siste åra tont ned abortspørsmålet, sjølv om formuleringane i partiprogrammet er omtrent som dei har vore heile tida. Det har vorte stadig meir uklart kva partiet i praktisk politikk meiner i saka, og kor viktig abortspørsmålet er – altså spørsmålet om fosterets livsrett og menneskeverd. No synest det som at partiet er i ferd med å ta konsekvensen av denne nedtoninga og av at partiet har vorte utydeleg i saka, ved at ein vil endra strategi i spørsmålet. Det inneber i praksis også at ein endrar syn, same kva forsvararane av den nye lina seier.

Denne utviklinga har lege i partiet over fleire år, men kom skikkeleg til overflata i KrFU, som no går inn for at partiet skal forlata det som står i partiprogrammet om å arbeida for ei livsvernlov, til å leggja eksisterande friabortgrense på 12 veker til grunn for sin politikk. Det vert gjerne sagt at ein framleis er mot abort, men at ein ikkje har noko realistisk alternativ til noverande abortlov å koma med. Det er ein underleg tanke om ein tenkjer prinsipielt ut frå at fosteret er eit barn, altså eit mennesket med same rettar og verd som oss som er fødde.

Det at eit lovframlegg vert nedstemt, er ikkje det same som at det ikkje finst eit alternativ. Problemet er ikkje alternativet, men at det ikkje er fleirtal for dette. Slik er det jo i mange spørsmål, og då er vanleg praksis først å stemma for sitt prinsipielle syn, og dernest å stemma subsidiert, om det kan hindra noko enda verre. Om KrF ikkje når fram i Stortinget med eit framlegg til livsvern for det ufødde barnet frå unnfanginga av, vil alle forstå at ein deretter røystar slik at ein unngår å utvida abortretten, slik at partiet i ein dilemma- og tvangssituasjon sikrar noverande abortlov. Det er ikkje å støtta denne lova, men det er å hindra noko verre.

Problemet med den argumentasjonsmåten som no vinn fram i KrF, er at ein aktivt støttar noverande lov, og at ein legg bort alternativet om ei livsvernlov. Då bør ein spørja seg om ein ville ha gjort det same om det gjaldt fødde menneske? I gitte situasjonar, som i krig og ved katastrofer, kan forholda vert slik at ein ikkje kan berga alle, men må velja ut nokre. Det er dilemma-situasjonar der ein ikkje har klare normer for kva som er rett og galt, bortsett frå at ein må berga så mange som ein kan. Ein kan likevel ikkje gjera det til norm og rett å ikkje berga alle, eller at alle ikkje hadde rett på berging.

Det har lenge vore slik at det har vore eit visst sprik i verdispørsmål i KrF, og der folk i det såkalla «bibelbeltet» har vore mest konservative og opptekne med ein bibelsk argumentasjon i spørsmål som gjeld etikk og kristne verdiar. No ser det ikkje ut for å vera slik lenger. Det er tvert imot folk frå Vestlandet som har gått i bresjen for nyorienteringa.

Det synest som at ein trur ein skal nå lenger både i det å få røyster og i det å få ned aborttalet på denne måten, men det vil nokså sikkert visa seg å vera feil. Det er nok av parti som støttar dagens abortlov eller som vil liberalisera denne, men det er ikkje mange å velja i på motsett side. Det som gjeld å få ned aborttalet, kan ein kjempa for om ein held fast på prinsippet, og det faktisk i stor grad ved dei same verkemidla andre vil bruka.

Den utviklinga som vi no har sett politisk med tanke på abortspørsmålet, tilseier at det har vore for lite forkynning og bibelsk undervisning om livsrett og menneskeverd, om fosteret og mennesket – om at mennesket er skapt i Guds bilete, og at det gjeld frå unnfanging til naturleg død. Det må alle som har ansvar for forkynning og undervisning, ta på alvor og gjera noko med. Denne spalta er ikkje ei politiske spalte, men det er likevel naturleg å ta opp abortspørsmålet slik eg her har gjort, fordi det dreier seg om kristen etikk, kristen tenking, kristen forkynning og kristen undervisning.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock