Nattverden og barnelærdommen

Ein skulle tru at ein biskop i Den norske kyrkja, sjølv om han er pensjonert, kunne barnelærdommen sin. Det synest ikkje å vera tilfelle med Atle Sommerfeldt, avgått biskop i Borg bispedømme. Han har uttalt seg om nattverden, og kven som kan og bør gå til nattverd, på ein måte som er fullstendig på kollisjonskurs med vedkjenningsskriftene for den kyrkja han har vore biskop i. 

«Nattverdsmåltidet er ikke først og fremst et uttrykk for tro, men for Jesu nåde og nærvær», seier den pensjonert biskopen, og med det vil han opna nattverdbordet både for muslimar, jødar, buddhistar og kven det måtte vera som ønskjer å motta nattverden. Om folk ikkje veit kva nattverden inneber, gjer det ikkje noko med tanke på å delta i nattverdsmåltidet.

Med det som kan lesast som eitt rett utgangspunkt, snur Sommerfeldt heile saka på hovudet. Deltaking i nattverden har alltid føresett tru og dåp, i alle konfesjonar. Nattverden har alltid vorte oppfatta som eit nådemiddel for Guds folk, sjølv om ein har hatt noko ulik lære om nattverden.

Eg skal her avgrensa meg til å minna den avgåtte biskopen om litt frå barnelærdommen, altså frå vedkjenningsskrifter som han har lete seg forplikta på, og som vi som tilhøyrer den evangelisk-luthersk kyrkja, trur er i samsvar med Guds ord.

I den lutherske «hovudvedkjenninga», Augustana, er det berre ein kort artikkel om kva nattverden etter sitt vesen er (CA  10), men det vert også gjort heilt klart at nådemidla har med trua å gjera  (CA 5). 

I Luthers vesle katekisme, som er det vedkjenningsskriftet vi helst omtalar som «barnelærdommen», er det ei meir utførleg innføring i kva nattverden er, og kven han er for. Her heiter det at den som trur det innstiftingsorda seier og et og drikk elementa, «har det desse orda seier», nemleg «forlating for syndene». Trua er altså avgjerande for å få eller ta imot det nådemidlet gjev.

Med tanke på kven som «tek imot dette sakramentet på ein verdig måte», heiter det: «Men rett verdig og vel skikka er den som trur på desse orda: «Gjeven for dykk» og «utrent til forlating for syndene». Men den som ikkje trur på desse orda eller tvilar, han er uverdig og uskikka. For dette ordet «for dykk» krev hjarto som einast tru.»

Tru er altså avgjerande for å delta i nattverdsmåltidet og for å få det nattverden gjev. Det dreier seg ikkje om ei kvar tru, men den som trur innstiftingsorda, altså trur på Jesu forsoningsverk og ordet om syndenes tilgjeving. I barnelærdommen er det nokså reine ord for pengane, og då finst det ikkje fnugg av opning for folk av andre religionar eller andre som ikkje vedkjenner seg kristen tru.

Eg veit ikkje om Atle Sommerfeldt vil definera seg som pietist, men det er i alle fall eit faktum at biskop Erik Pontoppidan si bok «Sannhet til gudfryktighet» har vore den mest brukte boka til undervisning i kristendom både i skulen og ved konfirmasjonen her i landet. Pontoppidan seier at ugudelege har «absolutt ingen» rett til nattverden eller noko nytte av den. Nattverden er «bare for sanne kristne som har den alder og dømmekraft at de kan prøve seg selv».

Den pietistiske biskopen åtvarar ikkje-kristne mot å gå til nattverd: «For nattverden styrker mennesket i den tilstand det er i. Hvis de ikke først får nåde til å omvende seg av hjertet, blir de verre i stedet for bedre om de går til alters.» Nådemidla er ikkje til nytte berre ved å verta nytta, men «bare når de blir brukt i tro».

Den pensjonerte biskopen i Borg vil med andre ord invitera folk til noko som er til skade for dei. Det er der trua på Jesu frelsesverk er, at nattverden er til nytte – og då er den til stor nytte, syndenes tilgjeving.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock