Bokmelding – Adventstankar

Johannes Kleppa har skrive ei bok for adventstida. Det er 25 korte stykker, ein for kvar dag frå 1. desember til 25. desember. Kvar andakt er på 3 små sider, og tek under 5 minuttar å lese. Dei passar difor godt å lese ved måltidet i førjulstida. Johannes har ein klar tanke, og det er lett å følgje han i det han skriv.

Advent betyr komme. Boka er særs oppteken av forklara kven som kjem, Kristus. Alle sider ved julebodskapen skal forkynnast, og det er mange innfallsvinklar for å få fram juleevangeliet. Til sist dreier det seg likevel om ei sak – det er født ein frelsar. Slik kan vi lese i andakten for 1. desember. Og dette pregar boka vidare.

Om lag halvparten av andaktane er over profetiane om Jesus i Gamle Testamentet. Den andre halvparten tek føre seg sentrale sanningar om Jesus i det Nye Testamentet. Boka er evangelisk, på det vis at alle andaktar ønsker å seie noko viktig om Jesus og hans frelse for oss. Gjennom adventstida får vi også sjå den djupe samanheng i Skrifta. Både GT og NT forkynner den same bodskapen. Det er Kristus alt handlar om.

Vi anbefaler boka som adventstidas andaktsbok. «Jul uten Jesus, har liten verdi. Det blir som ein pakke med ingenting i», synger vi barnesongen. Å ta seg tid til ein fem minuttars meditasjon over eit Bibelvers om Jesus, vil kunne vere til stor velsigning i adventstida. Boka er i stivt bind, og passar svært godt som ei førjulsgåve. Boka er billig, og kostar kun 130 kroner. For bestilling, sjå her.

Ole Andreas Meling