Fjellturleir og fullt hus

På Centro Sarepta er det for tida så fullt at nokre må bu utafor senteret. Ein storfamilie har vald å feira 75-årsdag her, ein annan familie har også sett kvarandre stemne på senteret og ein god gjeng har kome hit fordi det er fjellturleir no.

Dette gjer at det er mange som er med på bibeltimar og kveldsmøte. Dessutan kjem det også nokre som ikkje bur på senteret, men som ferier i området. Møtesalen fylles godt opp, og det har vore heilt fullt.

Dei som ikkje er med på fjellturar, har nok å ta seg til, anten dei er på badestranda, er på andre turar eller slapper av på senteret. Det er mykje godt åndeleg og sosialt fellesskap.

Fjellturgjengen har flotte turar i flott natur, sjølv om det første dagen regna ein god del. I området rundt Centro Sarepta er det mange svært fine fjell å gå i. Det varierer kor krevjande det er, men når ein bruker god tid, kan dei fleste vera med på det meste.

Hovudsaka er det som skjer i undervisning for forkynning. Konrad Fjell har bibeltimar, og det er første gongen han er ved Centro Sarepta. Han går gjennom delar av Daniels bok, og det er gode timar, med solid innhald og borne fram på ein fin måte. Underteikna er også talar og turleiar, som vanleg på fjellturleirane.

Elles er dette ei tid på året der mange skular vitjar senteret for ei veke. Det fungerer godt, og er svært positivt for senteret og arbeidet her.

Johannes Kleppa