Aktuelt frå Daniels bok

Gjennom eitt år vert det undervist i mange og ulike tema ved Centro Sarepta. Det meste er gjennomgang av bibelske bøker og tekstar. Det er viktig at heile breidda i Guds ord vert løfta fram, samstundes som sjølve frelsesspissen i det er på plass.

Denne veka har det vore fjellturleir ved Centro Sarepta med fullt hus. På bibeltimane har Konrad Fjell gått gjennom delar av Daniels bok, særleg den første delen som er historisk stoff knytt til Daniel og vennene hans i møte det ulike leiarar i Babylon. Her er mane sanningar som er hyperaktuelle for vår tid. Det gjeld ikkje minst oppfatninga av staten sitt mandat og statsstyret si oppgåve, halde saman med korleis kristne skal stilla seg i forhold til staten og ideologiske krav denne gjer gjeldande

Dei første som vart førte frå Jerusalem til Babylon, var dyktige folk – særleg Daniel og vennene hans. Desse fekk ei framifrå opplæring i kongsgarden, fordi kongen ville bruka dei i sitt statsstyre. I slike oppgåver gjorde Daniel og vennene hans ein god jobb og ein stor innsats. Dei viste seg særs dyktige, særleg fordi dei levde med ein kristen integritet. Dei hadde gode kunnskapar og dei var lojale og pliktoppfyllande overfor kongen så langt som mogleg. I det er dei gode førebilete for oss.

Samstundes visste dei at det gjekk ei grense for denne lojaliteten og denne plikta, og det var deira gudstru og deira truskap mot den eine sanne Gud. Då kongen ville ha dei til å overskrida denne grensa ved å tilbeda kongen som om han var gud, nekta dei. Dei bøygde seg ikkje for kongens religiøse og ideologiske krav når desse kolliderte med deira tru på Israels Gud, han som ber namnet Herren eller Eg er. Det førte i løvehola og i eldomnen – og ut derifrå utan skade. Herren tok seg av dei som tilbad og sette sin lit til han. Også i dette er dei førebilete for oss.

Vi vert stadig meir utsette for ideologiske krav frå staten, om enn på nokså andre måtar enn i Babylon. I prinsippet er det likevel det same. Det gjeld at staten og styresmakta vil ha kontroll med hjarta vårt, noko dei ikkje har rett til. Staten vil bestemma over vår tru og vår ideologi, og opptrer med det einsrettande og med tyranniske tendensar. Daniel og vennene hans let set ikkje styra av staten, heller ikkje når denne var eit verdsrike med sine mektige kongar. Dei let seg berre styra av Gud, den einaste sanne Gud. Det var til velsigning både for dei sjølve og for folket.

Til meir eg arbeider med Daniels bok, til meir ser eg kor aktuell denne boka er for vår tid, og kor mykje vi har å læra av Daniel og vennene hans. Det har vore tilfellet også på Centro Sarepta denne veka, der nye innsikter har kome fram. Eg vil sterkt oppmoda til å studera denne boka, ikkje minst med tanke på korleis ein ideologisk einsrettande stat opptrer, og korleis vi skal reagera på det. Eg vil også oppmoda til å studera bok med tanke på å læra korleis ein kristen personlegdom, ein kristen med integritet i tru og tanke, skal opptre i møte med ideologisk einsretting og overkjøring, i tillit til at Gud har all makt – også over ei kvar styresmakt.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock