Nytt bibelskuleår på Centro Sarepta

Vi var godt i gang med bibelskule og bibelkurs på Centro Sarepta, sjølv om det var i ein oppbyggingsfase, men så kom koronaen og sette ein stoppar for det heile. Senteret måtte stengjast, men sist haust start vi forsiktig oppatt, og no er vi i gang for fullt. Rett nok merkar vi enda etterverknaden av pandemien. All uro i Europa når det gjeld krigen i Ukraina, uro i flymarknaden og høge prisar både på det eine og det andre, spelar også inn.

Like fullt er vi no i gang med det ordinære opplegget. Rett nok har vi ikkje kome i gang med fast bibelskule for spansktalande, men vi har leirar og weekendar, samt digital bibelundervisning på spansk.

Denne veka starta vi den norsk – eller rettare den nordiske – bibelskulen med to danske volontørar og ein norsk elev, pluss gjester og folk som bur i området og stikk innom på timar. Det er altså ikkje den store flokken, vi vi trur det er viktig for dei som får fylgja undervisninga, og det er viktig for Sarepta sitt arbeid. Undervisninga er før lunsj og det gjer at det er godt høve til å finna på andre ting resten av dagen, og vi har alt hatt ein flott fjelltur!

Det varier med kor mykje folk det er på senteret i løpet av hausten, men frå slutten av september og til ut i november, er det mykje folk. Då kjem fleire skular på ei vekes opphald, og ein god del gjester har meldt seg. Dei første vekene er det god plass, og frå slutten av november og fram til jul er det også god plass, så det er berre å hiva seg rundt og koma!

Johannes Kleppa