Straumprisar og nestekjærleik

Det går ein intens debatt om straumprisar, og «alle» krev tiltak for å få prisen ned, og det er sikkert klokt. Rett nok er ikkje dei som skal forstå seg på slikt, samde om korleis det bør gjerast, og politikarane fremjar ulike forslag. Korleis det heile skal ordnast, er eit politisk spørsmål, og eg skal på ingen måte gå inn i det – eg trur ikkje eg har fasitsvaret på det heller.

Derimot vil eg gje til kjenne nokre refleksjonar knytt til denne debatten. Det går på solidaritet og nestekjærleik kontra det nærsynte og eigenkjærleiken. Alle ønskjer vi billig straum, som vi vil ha billig bensin og diesel. Når både straum og drivstoff vert radikalt dyrare enn det har vore, skjer det ein automatisk reaksjon, særleg når dette går saman med prisstigning på matvarer og anna vi treng, og det også har vore prisstigning på bygningsmateriell og flyreiser. Kor mykje av reaksjonen er uttrykk for rein egoisme og for materialisme? Det er eit ubehageleg spørsmål, men vi bør stilla oss det.

Vi såg noko av det same, om enn på ein heilt annan måte, når det gjaldt koronapandemien og vaksiner. Vi ville ha maksimalt med vaksiner så raskt som berre mogleg, og vi hadde pengar til å betala med det. Det var ein intens diskusjon i media, blant politikarar og blant «vanlege folk» om innsatsen for å få det til, var stor nok, og om den interne fordelinga i landet var den beste og rette. Det gjaldt å vera først i køen. Det var relativt lite søkjelys på dei som nok trong vaksinar meir enn nordmenn, og som korkje hadde pengar til å kjøpa for eller eit helsevesen som kunne ta seg av det. Dei fekk stort sett smular frå den rike sitt bord. Var det eigenkjærleik eller nestekjærleik som var det styrande prinsippet i vurderingane?

Når det gjeld straum og straumprisar, er det slik at naturressursane våre har vorte rekna som folket sin eigedom og skal koma heile folket til gode. Dette har altså vore uttrykk for eit verdistandpunkt, og med det eit etisk standpunkt. Av denne grunn har både vasskraft og oljeutvinning vore under sterk statleg kontroll, sjølv om ikkje alt har vore statseigd. Det same ser vi for vindkraft og solenergi. I dette perspektivet kan det synast underleg at det er så stor skilnad mellom landsdelar når det gjeld tilgang på straum, og med det på straumprisar.

Den store debatten er likevel knytt til eksporten av straum, og det presset på pris som det er med og skaper, saman med tilgang på vatn. Det er eit faktum at fleire land i Europa, som vi har kraftleveranse til, har enda større problem med straum enn vi har her i landet. Det har fleire grunnar, men det heng ikkje minst saman med krigen i Ukraina og reduksjon i energileveranse frå Russland. Då vert det etiske spørsmål i kor stor grad vi skal prioritera oss sjølve i ein slik situasjon, og i kor stor grad vi skal koma andre til hjelp. Kor går grensa mellom egoisme og solidaritet?

Vi er eit land med rike naturressursar, særleg når det gjeld vasskraft, olje og gass, men også vind og til dels sol. Vi har altså tenkt på det som fellesverdiar for det norske folket, men er det etisk rett å tenkja det avgrensa til oss vel fem millionar som bur i dette landet, og så bruka det til å leva på toppen av den materialistiske kransekaka, eller bør vi utvida det til å tenkja at dette er skapargoder som skal koma alle menneske til gode, eller som alle har ein rett til? Det at Noreg som nasjonalstat skal forvalta desse ressursane, er greit, men kven skal dei forvaltast til best for – for nordmenn eller også for vår neste i Europa?

Den oljerikdommen vi av Skaparen er velsigna med, skal vi forvalta denne innafor landegrensene, eller skal vi tenkja på dei utafor som er i ein vanskelegare situasjon enn oss? Skal vi bruka oljerikdommen til å kjøpa oss fram i den materialistiske og medisinske køen, eller skal vi tenkja meir på nesten som er i nød? Fordeling og forvalting har ingen fasitsvar, men rettesnora er vår neste og nestekjærleiken. Les gjerne 1 Joh 3, 17 som ein kommentar til dette.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock