Kristen samfunnspåverknad

Opp gjennom åra har det stadig vore diskusjon om kristne aktivt skal påverka samfunnet, og i så fall korleis det skal gjerast. Det kan ikkje vera tvil om at kristne skal og bør påverka samfunnet. Det dreier seg jo om at Guds gode vilje må få gjera seg gjeldande til beste for alle. Å seia nei til kristen påverknad av samfunnet, vil altså vera det same som å hindra Guds gode skaparvilje. Det vil sjølvsagt vera til skade for folk.

Korleis den kristne påverknaden skal skje, er ei anna sak. Her finst det knapt noko fasitsvar som alltid kan gjerast gjeldane. Det kan og bør skje på mange og ulike måtar, og det kan variera med samfunns- og kultursituasjonen. Det kan skje på det reint personlege planet ved det kristne livet, og det kan skje gjennom aktiv samfunnsinnsats i politikk, media, kultur, skule, næringsliv – eller kva samfunnsområdet det måtte vera.

Utgangspunktet er at Guds vilje alltid er god, og han er god for alle menneske – anten dei trur det eller ikkje. Det heng saman med at Gud har skapt mennesket i sitt bilete og gitt oss sin skaparvilje. På dette planet talar vi ikkje om frelse og evig liv, men om kva som er godt og tenleg for livet her på jorda. Då skal vi vera frimodige på Guds gode vilje sin vegne, og med det på mennesket sine vegne. Derimot skal vi ikkje tvinga Guds vilje på nokon eller styra med åndstvang. Det har rett nok nokre gonger skjedd der den organiserte kyrkja har vore dominerande, men det har nok skjedd i langt mindre grad enn folk vil ha det til. Som oftast har det vore uttrykk for folkeviljen som fleirtalsviljen. I dagens norske situasjon er eit «kristent tvangsstyre» umogleg. Åndssituasjonen er slik at det heller er motsett.

Det er heilt klart at det kristne livet og den kristne forsamlinga har hatt sterk innverknad på samfunnet. Kristne sitt liv har hatt påverknadskraft ved at folk såg det gode ved dette livet. Forkynning av evangeliet omskapte folk, og det hadde innverknad på samfunnet, jfr haugianismen. Gjennomgripande vekkingar omforma bygdelag og nasjonar. Det har vi mange døme på også i vårt land. Den kristne kyrkja sitt diakonale arbeid og skulearbeid har hatt store ringverknader, ikkje minst i oldkyrkja og i mellomalderen, men også seinare. Opplæringa skapte ein ny tankegang og gav kunnskap til det praktiske livet. Diakonien skapte nye haldningar til mennesket, særleg til sjuke, gamle og funksjonshemma. Slik har også misjonsarbeid omforma og løfta samfunn og kulturar. Kristninga av landet vårt er eit godt døme på det. Demokrati har ofte fylgt i kjølvatnet av misjon.

Misjon, gudstenesteliv og alt som kan kallast kristent arbeid, har primært eit sikte på æva og frelsa, men det har også ringverknader for livet her på jorda. Samstundes er det noko som primært er retta mot samfunnet og livet her og no. Det gjeld særleg kristne – som alle menneska – sitt arbeid. Det er del av kristen kallsetikk å utføra arbeidet sitt til beste for nesten. Det er viktig at kristne har det synet på arbeidet – anten ein er tømrar, bonde, sjukepleiar, lærar, bankmann, elektrikar, ingeniør eller kva det måtte vera av ærleg arbeid.

I tillegg kjem den målretta og aktive påverknaden av samfunnet. Det gjeld særleg i politikken, utan at eg her skal gå inn på det partipolitiske. Guds gode vilje må vera basis og rettesnor for kristen politisk innsats, særleg med tanke på menneskeverd, nestekjærleik og forvaltning. Det å delta i samfunnsdebatten er prinsipielt av same karakteren. Då kjem ein ikkje unna å gjera ein prøvande og kritisk analyse for å påvisa det negative ved ikkje-kristen tenking og praksis, men hovudtyngda bør liggja i det positive ved å påvisa det gode og fremja kristen tenking og praksis. Aktiv deltaking i kultur og næringsliv vil ha noko av same funksjonen.

Kort sagt: Det er mykje og mangt som kan og bør gjerast av kristen samfunnspåverknad. I vår tid trur eg noko av det aller viktigaste er kristen skulesatsing på alle nivå, i tillegg til eit heilstøypt kristent liv og forkynning av Guds ord.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock