Misjon til unådde

I ein reportasje i Dagen las eg nett at det er berre 3,3 prosent av misjonsarbeidet som er retta mot unådde folkeslag. Det verkar urimeleg lite, men om det stemmer, er det alarmerande. Samstundes gjev det høve til å reflektera litt rundt omgrepet «unådde folkeslag».

For nokre tiår sidan gjekk ein meir systematisk inn i misjonsstrategien enn ein hadde gjort før. Ein laga oversikter over kor det var misjonsarbeid, og ein laga statistikkar. I denne samanhengen innførte ein omgrepet «unådde folkeslag». Det er ikkje eit heilt presist omgrep, men det siktar på etniske folkegrupper der det ikkje er etablert kristne forsamlingar på ein slik måte at folk kan koma i kontakt med evangeliet.

Det er litt ulike oppfatningar av korleis ein skal definera ei folkegruppe eller eit folkeslag. Dette gjer at statistikkar opererer med ulikt talt for etniske folkeslag på jorda. Det er også litt ulike definisjonar på når ei folkegruppe er nådd med evangeliet. Det gjer at statistikken varierer noko på kor mange folkegrupper som står att å nå. Dessutan varierer etniske folkeslag mykje i storleik, og når ein reknar på kor mange menneske som ikkje har høyrt evangeliet, vil talet variera. Dessutan har mange land fleire folkeslag innan sine grenser, ikkje minst store land som Kina og India. Ulike folkeslag går også på tvers av landegrenser, slik at ein kan ikkje berre halda seg til land.

Uavhengig av etniske folkegrupper, er det muslimske land som i stor grad er unådde, og det er som kjent ei religiøs gruppe som er svært vanskeleg å nå. Det er nok også grunnen til at det er få misjonærar i muslimske område samanlikna med andre området, sjølv om det er satsa ein del meir her i seinare år.

Fokuset på unådde folkeslag har vore viktig, og bør haldast oppe. Samstundes bør ein utvida forståinga av kven som er unådde med evangeliet. Den globale åndelege situasjonen har endra seg radikalt den siste generasjonen på to måtar. Det eine er at det i sør og aust har vore og er omfattande vekkingar som fører til enorm kyrkjevekst. Kristendommens tyngdepunkt har med det flytta seg. No går ikkje misjon berre frå vest til sør og aust, men i alle himmelretningar. Det andre er at det i Vesten har vore og framleis pågår ei sterk sekularisering. Det gjeld ikkje berre samfunnet, men også kyrkje og misjon. Her er lite eller ikkje vekking, og dei historiske kyrkjene er i sterk tilbakegang.

Dette fører til at vi no må oppfatt store delar av folket i Vesten som unådde med evangeliet, trass i at dei lever i tradisjonelt kristne land. Dette er noko av grunnen til at Sarepta i Noreg legg vinn på å ha møte der det er lite eller ikkje forkynning. Rett nok når vi stort sett kristne menneske også ved denne strategien, men det er stadig ufrelste folk på møta.

Mykje av Sarepta sitt arbeid skjer i Spania, og etniske spanjolar er i enda større grad enn nordmenn utan kontakt med evangeliet. Det har fleire grunnar. For det eine har landet vore dominert av den romersk-katolske kyrkja, ikkje av evangeliske kyrkjer. For det andre er oppslutnaden om den katolske kyrkja radikalt redusert i folk, trass i at det heng att katolsk prega skikkar, kultur og ordningar. Frå at praktisk talt heile folket slutta opp om kyrkja, er det no berre litt over 20 prosent som gjer det, og då helst eldre menneske. For det tredje har Bibelen vore ei lukka, for ikkje å seia i forboden, bok i folket heilt opp til vår tid. Tilsvarande gjeld evangeliske kyrkjesamfunn. For det fjerde har ikkje andre konfesjonar eller religionar teke over for katolsk tru, men landet og folket har vorte sekularisert. Folket er generelt utan kontakt med kyrkje og kristendom.

I det vi fokuserer på unådde folk og område, må vi framleis ha sterkt fokus på folkeslag som aldri har høyrt evangeliet og som er utan eit kristent nærvær ved etablerte forsamlingar, men vi må også ha fokus på avkristna folk og samfunn der Guds ord ikkje lenger lyder og folket i praksis er isolert frå evangeliet.

Johannes Kleppa