Nybrott i Norge

Teltmøter på Koppang 1.-3. juli 2022.
Kl.17.00 den 1. juli var ein liten flokk samla på grusbanen attmed fotballbana i Koppang sentrum.

Me var spente på om det kom noken, og det gjorde det jo, me vart 10 menneskje der fyrste kvelden. Ikkje lite det, for der to eller tre er samla i Jesu namn er HAN midt i blant oss, med sin Ande.  Audun Hjellvik forkynner Guds ord desse dagane, me syng i lag og i går song Arnhild for oss . Det vert noken som  syng i dag og. Laurdag er det møte kl 17, og søndag kl 11 så ver VELKOMEN.

Legg turen til teltet på Koppang desse to dagane som er att av teltmøta her for i år!

Si.Hj.