Den treeinige Gud og underordning

Ivar Vegge har gjennom fleire artiklar i Dagen gått sterkt i rette med Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt syn på underordning og tenestedeling. Vegge er førsteamanuensis med Fjellhaug Internasjonale Høgskole og brukar med det sin posisjon på NLMs fremste teologiske institusjon til å gå mot sin eigen organisasjon. Det er nokså spesielt, men det er ikkje mi sak. Vegge meiner NLM i si utgreiing byggjer på 2-3 amerikanske teologar, og at dei ikkje har nok argumentasjonskraft. At det er rett, tvilar eg på, men det er nok av teologar å visa til for eit tradisjonelt syn på tenestedeling, fordi det har vore det rådande synet i bibeltru krinsar like opp til våre dagar.

Det er heller ikkje mi sak som formann i Misjon Sarepta å meina noko om korleis NLM bør vera oppbygd, eller kva struktur som er best for organisasjonen. Det er heller ikkje mitt ansvar korleis NLM skal tenkja om underordning og tenestedeling eller korleis det skal fungera i praksis. Det siste er likevel ikkje uviktig med tanke på Bedehus-Noreg totalt sett. Korleis dei mest berande organisasjonane for bedehusarbeidet, særleg NLM og Indremisjonsforbundet, tenkjer om og praktiserer tenestedeling, får konsekvensar også for andre arbeidslag på bedehuset. Det bør dei vera seg medvitne. Eg vil difor gje nokre kommentarar til Vegge sitt engasjement og argumentasjonen hans.

Vegge legg stor vekt på det bibelske materialet, men midt i det store omfanget, synest bibelbruken og argumentasjonen for meg å vera selektiv. Det er også ein tendens til at skriftord vert sette opp mot kvarandre, der nokre bibelske perspektiv «slår andre i hel». Dessutan er det ein tendens til å bruka dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene til å omtolka eller borttolka bibelske tekstar. Det er jo å snu forholdet mellom Skrifta og vedkjenning på hovudet.

Det er rett at dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene ikkje omtalar underordning, korkje i den treeinige Gud eller generelt. Det er ikkje så underleg, fordi det var ikkje det striden stod om eller som skulle avklarast. Ingen vedkjenningsskrift har heile truslæra innebygd, særleg ikkje dei oldkyrkjelege. Vedkjenningsskriftene omtalar det som det då stod strid om, og i oldkyrkja var det forståing av den treeinige Gud og Jesu to naturar. Det vert klargjort og slått utvetydig fast. Faderen, Sonen og Anden er i guddom likeverdige, men dei har til dels ulike funksjonar, jfr. den apostoliske vedkjenninga med sine tre artiklar.

Det som seiest om forholda i guddommen i dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene kan ikkje brukast mot det Bibelen seier om underordning, eller som tolkingsnøkkel til dette. Dei bibelske tekstane må lesast etter sin ordlyd og på sine eigne premissar. Dersom det ikkje eksplisitt er sagt at noko er kulturbetinga eller det ikkje er heilt openbert ut frå samanhengen, er det bibeltru måten å tolka teksten ut frå si språklege og litterære meining. Det er merkeleg at det først no er at tids- og kultursituasjonen på Paulus si tid får så stor vekt, sjølv om denne situasjonen har vore kjent gjennom heile kyrkjehistoria, utan å ha fått dei tolkningsmessige konsekvensane som ein no gir denne. Det vitnar mistenkeleg om at det er dagens tids- og kultursituasjon som har vorte den reelle tolkningsnøkkelen.

Vegge legg stor vekt på gudsforståinga, og etter mi vurdering misbrukar han her vedkjenningsskriftene. Han og andre legg også stor vekt på syndefallet, men då på ein måte som i realiteten opphevar underordninga. Det er viktig at alle aspekta i spørsmålet om kvinna si underordning og mannen som hovud får sin rettmessige plass, og får eit rett forhold til kvarandre – og innhaldsmessig vert bestemt av dei bibelske tekstane. Vil ein gjera underordninga for kvinner uaktuell for vår tid, må ein gjera all underordning uaktuell, og ein må gjera alt som har med hovudfunksjonen uaktuell, fordi alt dette har same prinsipielle grunngjeving og heng teologisk saman.

Bibelen fører ein prinsipiell argumentasjon for underordning og hovudfuksjon langs fire liner, og det etter fylgjande oppbygging: Forholdet i den treeinige Gud, forholdet mellom Kristus og kyrkjelyden, måten skapinga skjedde på og det som skjedde i syndefallet. Alt dette må ein ha med om det skal verta rett og sunn teologi, og med ein bibelsk rett og god praksis.

Johannes Kleppa