Tankar frå Spania

Eg er på nytt i Spania og på Centro Sarepta. Det har eg etter kvart vore mange gonger og til saman bort imot to år, sjølv om det var eit opphald under pandemien. Denne gongen er det Bibelsommer, men det er diverre lite med gjester. Dei som er her, er bra!

Det er alltid hyggeleg å koma til Centro Sarepta. Det er fint å møta dei som arbeider her, både dei som har heile si teneste på senteret, og dei som kombinerer å vera på senteret og ute i folket. Det er også alltid hyggeleg å møta gjestene, både dei som er fast på senteret, dei som er her for kortare opphald og dei som er i området og stikk innom på undervisning og møte. Om det ikkje alltid er så mange på samlingane, vert det gjennom året ein stor flokk som vi her når med Guds ord.

Det er også kjekt å kunna bidra med praktisk arbeid, og hyggeleg at også gjester ønskjer å hjelpa til. Denne gongen har vi skore ned eit stort tre, og vi satsar på å få leiga ein gravemaskin og få opp røtene etter ein hekk som er fjerna, og som gjer området opnar og meir tenleg. Litt maling vert det også.

Det er forståeleg at mange har vegra seg for å reisa til Spania slik situasjonen har vore og er. Pandemien heng enda i oss, ikkje minst mentalt. Dessutan har det vore og er mykje usikkert med flyreiser, og billettprisane er for tida nokså høg. Alt dette får vi satsa på at endrar seg om kort tid. Når det gjeld korona, er det ingen grunn til at det skal hindra ein å reisa til Centro Sarepta. Her er minst like trygt som i Noreg!

Eg håper det er mange som vil ta turen til Centro Sarepta til hausten. Eg trur mange vil ha godt av det både åndeleg og menneskeleg, og Sarepta sitt misjonsarbeid treng det. Det å vera ved sentret ei veka eller meir, gir ein unik sjanse for å høyra Guds ord, og då som bibelundervisning på ein måte som ein svært sjeldan får på bedehuset. Mange har opplevd det god og nødvendig for truslivet sitt.

Det å driva misjonsarbeid i Spania er svært vanskeleg, og krev mykje tolmod. Folk er lite interessert i Guds ord og evangelisk forkynning. Arbeidsmarka er kort og godt hard, særleg med tanke på etniske spanjolar. Skal arbeidet lukkast, er vi avhengige av mykje bønn og forbønn. Det skapest når ein er tett på arbeidet. Vi håper at folk som kjem til senteret, både skal verta oppbygde ved Guds ord og få nød for folket og misjonsarbeidet i Spania, og at denne nøden resulterer i vedhaldande bønn. 

Det er også slik at alt misjonsarbeid kostar pengar, og det er slik at Ordets forkynning og nød for folks frelse utløyser gåver. Vi er takksame for alle som det har skjedd med når det gjeld Sarepta sitt arbeid. Til denne tid har vi fått det vi har hatt behov for, men framover trengst det meir. Som alle andre misjonsorganisasjonar må Sarepta overføra pengar frå Noreg til land ein driv misjonsarbeid i. Vi er samstundes i den heldige situasjonen at vi har Centro Sarepta som bibelskule og misjonsstasjon, og der gjester som bur her, bidreg økonomisk til arbeidet. Dette er svært viktig med tanke på Sarepta sitt arbeid i Spania, også av denne grunn er altså mange gjester viktig.

Så ta turen til Centro Sarepta i haust. Du er hjarteleg velkomen! Bli gjerne samde om å reisa ei gruppe i lag! I oktober er her stort sett fullt, men resten av hausten frå byrjinga av september og fram mot jul er det god plass – og normalt også svært godt vær!

Johannes Kleppa