Takk for gåve

Då eg fylte 70-år for nokre veker sidan, sa eg at dersom nokon vil gje ei gåve, skulle det vera til Misjon Sarepta.

Ein god del har gjort det, og merka gåva med 70-årsdag, men det er også nokre som har gjev utan å merka gåva. Det er difor uråd å ha den fulle oversikta, og eg har heller ikkje adresse til alle, og med det er det vanskeleg å få gje ei skikkeleg personleg takk.

Eg vil difor på denne måten takka alle som vyrde på meg og Sarepta med ei gåve. Totalt trur eg det vart minst kr 30.000, og det er veldig fint. Takk også til dei mange som på ulike måtar sende helsing.

No er det slik at Misjon Sarepta har trappa opp arbeidet, og med det trengst auke i gjevartenesta. Så takk også til alle som vil bidra til at økonomien kan gå rundt, og at ein ytterlegare kan utvida forkynninga av Guds ord.

Johannes Kleppa