Bibelhelg for unge voksne i Lifjell

Fredag 1. April 2022 står ei ung jente iført boblejakke og lue på parkeringsplassen til Jønnbu Fjellkyrkje i Lifjell. Det er litt kaldt på fjellet, men himmelen er klar, noko som lovar godt for fjellturen dagen etter. Det mørknar ute, men det lyser koseleg frå vindauga på internata og hovedbygget, der det bakast rundstykker til kveldsmaten. Den unge jenta løftar blikket og sender eit lite sukk oppover med ønske om velsigning over det som ligg framføre. I handa har ho ei liste. På den står namna på unge voksne frå nesten heile landet som er på veg til Lifjell – i bil, buss, tog og fly.
Endeleg er det tid for ny bibelhelg på Jønnbu!

I vekesvis har det vorte planlagt, baka, organisert, øvd, handla inn og bedt. Leiren er lagt inn under Sarepta, og komiteen har fordelt ansvarsoppgåver og delegert, – så leiren har blitt eit skikkeleg spleiselag. Nokon har baka, andre har tatt seg av det økonomiske. Enkelte har handla inn påskeegg, medan andre igjen har planlagt møter og bibeltimar. Mange nådegåver har vore i sving.

Så er klokka 19:00 og 42 spente og svoltne unge vaksne er samla til kveldsmat. «Velkommen til Bibelhelg – her kan du få kome som du er!» Mange av deltakarane var med på bibelhelga vi arrangerte i oktober, men det er også ein del nye andlet. Både «hei» og «takk for sist» vert uttrykt både på stavangersk, trøndersk, bokmål, bergensk, kristiansandsk og «sognamaol». Måltidet er krydra med smil og latter. Stemninga er god rundt bordet. Curt Westman glir inn i mengda med sitt varme smil og sine humoristiske kommentarar. Han er helgas talar og bibeltime-haldar. På tross av aldersforskjellen vert han raskt tatt inn i varmen av den unge voksne gjengen. Både varmen frå den knitrande peisen, men og varmen frå menneske som samlast midt i kvardagen for å bruke tid med Jesus og kvarandre.

Ønsket for helga var som komiteen skreiv i facebookarrangementet: «Livet har sine oppturar og nedturar, og vi ser viktigheita av å ha gode medvandrarar gjennom livet. Vi ønskar at denne helga skal vere ein plass der ein kan kome med livet som det er, dele levd liv, senke skuldrene, og få sitte ved Jesu føter. Lat kvardagen bli igjen heime, og sett av ei helg til andeleg oppbygging, flotte naturopplevingar og godt fellesskap.»  

Helga er bygd opp av møtepunkt rundt Guds ord, rundt måltid, samtale og aktivitetar. Du kan kanskje tenke deg korleis resultatet blir når du tek grundige og gode bibeltimar av Curt, pakkar dei inn i fleirstemt allsang frå Sangboken, opningsord, vitnesbyrd, korsong og ord for dagen, som alle rettar blikket mot navnet over alle navn – Jesus? Ja, som du forstår ligg då alt til rette for ei god og næringsrik helg. Curt talte frimodig frå ein open Bibel, og delte at «Jeg har vandret med Jesus i mørke og lys. Og det ble en del mørke – men aldri alene!». Jesus er interessert i å bli kjent med oss som den vi er – ikkje som den vi burde vere. Han går med gjennom alt som måtte møte oss. Og dette fekk vi på mange måtar erfare denne helga.

I tillegg til gode samlingar rundt Guds Ord, gjekk det som det må gå når ein set Andrine, den unge jenta på parkeringsplassen, til å vere aktivitets-ansvarleg. I oktober fant deltakarane på bibelhelga plutseleg ut at dei var rekruttar i Kompani Bergsland, og det var vel enkelte som håpa (/frykta) at dette skulle vere tilfellet denne gongen og. Den gang ei. Som kjent er det til dels uforutsigbart kva fru Bergsland har i ermet. Denne gongen var det fjelltur krydra med gruppeoppgåver, påskeeggjakt, og produksjon av innhald til underhaldingskveld! I løpet av turen tok også enkelte turen opp på Anebunatten, Krintofjellet og Bøkstulnatten, medan andre naut livet i sola med appelsin og kvikklunsj. Nye vennskap vart skapt og gamle vart styrka. Å få tilbringe tid på tur med andre, – som faktisk også gir alt for å finne påskeegget, er både oppfriskande og berikande!

Søndag føremiddag er det ein litt trøtt, men veldig fornøgd gjeng som sit ved middagsbordet på Jønnbu. Etter ei slik helg er det mange inntrykk å fordøye, og gode minner å ta vare på. I tillegg til at vi har fått rette blikket på Jesus og kvarandre, fekk vi òg rette blikket ut. Curt viste film og delte frå misjonsarbeidet i Slovakia, og fredag kveld kobla vi opp Jan-Tore via teams frå Spania som gav oss eit lite innblikk i Sarepta sitt arbeid i Norge og utlandet. For det er det som er så fint – å kunne arbeide side om side både for å nå nye «sauer» men også å bevare dei 99 som allereie er i innhegninga.

Andrine Kvamme Bergsland