Gud handlar ved ein stamfar

Då eg gjekk på Bibelskulen i Bergen (no Bildøy) på 1970-talet, hadde eg rektor Mikael Landro i truslære. Noko av det eg hugsar best frå undervisninga, var hans sterke understreking av at Gud handlar alltid ved ein stamfar. Det som gjeld stamfaren, gjeld alle som han er stamfar til. Den første stamfaren var Adam, og den andre var Kristus.

Det er den forskjellen på desse to stamfedre, at den første har vi i kraft av vår fødsel, medan den andre har vi i kraft av tru. Den første er altså på eit naturleg plan, medan den andre er på eit åndeleg plan. Dei er like ved at stamfaren representerer og definerer alle som høyrer han til. Det er som apostelen Paulus skriv med tanke på lekamen og oppstoda: «Som den jordiske var, slik er og dei jordiske. Og slik som den himmelske er, slik skal og dei himmelske vera. Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi og bera biletet av den himmelske.» (1 kor 15;48f)

Paulus brukar også denne realiteten om stamfedre for å få fram syndefallet med sine konsekvensar og frelsa med alt ho inneber. Han brukar eit «liksom» om forholdet mellom syndefallet ved Adam og frelsesverket ved Kristus. Adam vert omtalt som «eit førebilete» på Kristus (Rom 5;14-19). Eller som apostelen skriv til korintarane: «For liksom alle døyr i Adam, såleis skal og alle gjerast levande i Kristus.» (1 Kor 15;22)

Denne parallelliteten mellom Adam og Kristus, og denne Guds handlemåte ved ein stamfar, er avgjerande viktig å halda fast på med tanke på det universelle i forsoningsverket, og at vi vert frelste ved tru på det. Av same grunn er det avgjerande viktig å halda fast på at Adam og Eva var det første menneskeparet, og at heile menneskeslekta stammar frå dei, og der det er Adam som var skapt først og ber ansvaret for syndefallet. Mennesket er ei slekt, og berre ei. Tilsvarande er Kristus den eine og einaste frelsaren.

Det er nok mogleg å tolka element i skapingsfortellinga, og Bibelens mange referansar til skapinga, litt ulikt, men det er avgjerande viktig å halda fast på at Adam er ein historisk person, nettopp fordi Guds ord legg vekt på dette med tanke på Jesu frelsesverk som historisk hending. Det at Adam er ein historisk person, inneber at når han vart skapt i Guds bilete, vart heile menneskeslekta skapt i Guds bilete, men det var også berre mennesket som vart skapt slik. Det inneber også at då Adam fall i synda, fall heile menneskeslekta med han, og det fekk konsekvensar for heile tilværet.  Ved at mennesket er skapt i Guds bilete, kan det frelsast, og ved at det har falle i synd, treng det frelse. Jesus er så det motbiletet som svarar til dette.

Det er også mogleg å ha ulike oppfatningar av element i evolusjonslæra, men ein kan ikkje med kristen tru og tenking intakt rokka ved Adam som historisk person og syndefallet som historisk hending. Held ein ikkje fast på at Adam er den første stamfaren for menneskeslekta, glipp det med tanke på at Kristus er den andre stamfaren. Kristus står i forhold til Adam. Det er av denne grunnen at den bibelske læra om det absolutte i skapinga er så viktig å halda fast på kontra evolusjonslæra sitt prinsipp om det tilfeldige. Det er avgjerande å halda fast på at mennesket er ein person skapt i Guds bilete, ikkje eit produkt på line med den materielle verda generelt.

Johannes Kleppa