Digitale møte igjen

I fjor på denne tida hadde eg møteveke i Steinsdalen bedehus, og det vart ei digital møteveke. Det var berre lov å vera ti samla, og det var vi annakvar dag, og då hadde vi to bibeltimar for kveld. Timane er vart så lagde ut på heimesida til Steinsdalen bedehus.

No er eg tilbake til same plassen med «same» møteveka. Eg hadde nok ikkje tenkt at det skulle verta ei digital veke denne gongen også, men det vart det. Rett nok kan ein no samla 20 personar om ein held meteren. Det fungerer greit på mange mindre stader der Sarepta har møte, men i Steinsdalen brukar det koma fleire. Skal ein vera over 20, må ein operera med faste sitjeplassar og alt vert meir tungvint, og øvre grense er 50 personar.

Det vart difor digital møteveke denne gongen også, med opptil 20 i salen ved opptak av møta. Det fungerer greit for talar og songar. Opptaka vert redigerte og lagde ut på heimesida til Steinsdalen bedehus kl 19.00 kvar kveld denne veka, men kl 11.00 på søndag.

Det beste er å få samlast fysisk, men det er bra at det vert ordna til digitale møte når det vert umogleg eller for vanskeleg å ha vanlege møte. Det gode er at då kan enda fleire få del i bibelundervisninga, som denne gongen er om kva Bibelen seier om englane.

Talene ligger på Steinsdalenbedehus.no

Johannes Kleppa