Tid – ei merkeleg og gudgitt sak

Tid er ei merkeleg sak, og ei viktig sak. Den som trur på evolusjonslæra, har store problem med å forklara korleis tid har oppstått, og enda vanskelegare med å forklara korleis vi opplever tidsaspektet og kor viktig tidsdimensjonen er. I røynda er det umogleg å forklara evolusjonært korleis det har oppstått timar, døgn, veker, månader og år – og at tida går i årssyklus, samstundes som tida går konstant lineært framover.

Ut frå kristen tenking trur vi at Gud har skapt tida. Det skjedde då Gud skapte sola, månen og stjernene på fjerde skapingsdagen. Lyset var skapt før, men han ordna lyset slik at det vart «fastsett tider og dagar og år». Ved sola sin gang skapte Gud tida og årets gang, på ein slik måte at tida er innhaldsbestemt og målretta. Tida har sitt opphav i Gud og ho siktar mot det evige livet saman med Gud. I det perspektivet heiter det også at «då tida var fullkomen», sendte Gud sin Son til jorda, slik vi no har feira jul til minne om.

Det er ulike oppfatningar og opplevingar av tida. Vi travle materialistar seier at tida «går» – og ho går svært fort. Vi vert stressa, fordi vi aldri får tid nok. Meir avslappa naturfolk seier at tida «kjem» – og det kjem tid nok, så det er ingen grunn til stress. Vi får den tida vi treng. Ja, det kjem alltid tid, så lenge Gud gir tid – både personleg og universelt. Det kjem likevel ein dag då det er slutt på tid, og æva står for døra.

Tida er altså ei skaparordning og ei gåve frå Gud. Tida er gjeve oss på ein ordna måte, slik at også livet kan verta ordna og meiningsfullt. Vi fekk seks arbeidsdagar og ein kviledag. Tida er også ordna i syklus av eit år, slik at vi får ulike årstider og kan så og hausta. Tida sin lengste fase er år, og Gud har fastsett vår levetid. Det er ei nådens tid med tanke på frelse, og det er ei arbeidstid både på skaparplanet og i frelsens teneste.

Tida kan opplevast nokså forskjellig både på det individuelle planet og når vi ser globalt på det. Vi opplever gode og vonde tider i livet, og slik er det også mellom folk og kulturar. I vonde tider kan det opplevast som at vi har mist kontrollen, men strengt tatt er det ikkje forskjell på gode og vonde tider slik sett. Vi lever ut frå skaparverkets lover og i lys av Guds vilje. Det er vårt ansvar, og så er det Gud som gjer at vil lever, rører oss og er til.

Den store trøysta er at Gud har tida i si hand. Det viste han aller tydlegast ved å senda Jesus til jorda då tida var «fullkomen». Vi treng ikkje ha kontroll på tida eller på vonde og gode dagar. Det vi treng, er å få leggja alle våre tider i Guds hand – gode som vonde dagar, og kvila der. Forkynnaren seier at vi skal tenkja på at Gud «har gjort» den vonde likeså vel som den gode dagen (7:13f). Med det har han ansvaret for begge dagane, og vi kan få kvila i det.

Ved eit årsskifte kan vi også minna kvarandre om at tida går i rett line, og det store midtpunktet er Jesu kome til jorda. Det er tida sitt sentrum, og difor har vi i den kristne kulturen fastsett tida etter det. Vi går inn i det Herrens år 2022. Det er eit avkristningsteikn når ein vil ha ei anna tidsrekning enn før og etter Kristus.

I kyrkjeåret fell så Jesu namnedag saman med nyttårsdag. Året og tida er bestemt av Jesu namn, frelsarnamnet. Det skaper von for 2022, og von om Jesu atterkome for å oppretta eit evig herlegdomsrike på den nye jorda.

God tid – og godt nytt år!

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock