Korona og Guds straff

I samband med ein pandemi av typen korona oppstår det lett mange og ulike tankar, både av religiøs og allmenn karakter. Det gjeld spørsmål knytt til sjølve pandemien og korleis denne oppstod, spørsmål knytt til vaksiner og vaksinering. Det spenner frå det seriøst faglege via spekulasjonar til reine konspirasjonsteoriar. Nokre gonger synest eg alternative oppfatningar for lett vert avviste og delvis definerte som konspirasjon.

Vi skal ha tillit til styresmakta og innretta oss slik denne pålegg oss, men det er ikkje noko bibelsk krav at vi blindt skal vera samde med styresmakta. I andre land vel styresmakta delvis andre måtar for å hindra smitte på, enn vi gjer. Det er ikkje nok fasit på dette. Dessutan er vi i ein svært gunstig posisjon fordi vi har nesten uante økonomiske ressursar ved oljefondet.

Det meste som gjeld pandemien er av menneskeleg karakter, der vi kan ha noko ulike oppfatningar. Det er eitt spesifikt teologisk spørsmål som av og til dukkar opp, og det er om pandemien er uttrykk for Guds straff over folkets synder, eller om Gud i det heile har noko med pandemien å gjera. Faktisk synest eg spørsmålet om Gud i møte ein global pandemi som vi no opplever, er overraskande lite framme. Folk flest synest ikkje å vera opptekne med om Gud har noko med saka å gjera, og frå kristent hald er det også lite eller ikkje søkjelys på det. Går vi eit par generasjonar tilbake i tid, ville det vore eit sentralt spørsmål. Det vitnar heile kristenfolket si oppfatning av siste verdskrigen om som Guds straff.

Det er alltid både vanskeleg og farleg å vera heilt konkret i tolkinga av det som skjer i samtida med tanke på kva Gud vil med det. Vi kan lett verta for spekulative, men i den åndssituasjonen vi lever i, synest det å vera større fare for å plassera Gud utafor det heile. Alle tider er i Guds hand, både personleg og globalt sett. Det er vår trøyst midt i det heile. Dersom Gud ikkje hadde si hand med pandemien, ville vi ha vore overletne anten til oss sjølve eller til djevelen. Då ville vi vore hjelpelause og utan von. Gud har hand om det vonde på same måten som med det gode (For 7;13f, Jes 45;7).

Det vert gjerne sagt at Gud straffa synda på krossen, og at han straffar ikkje to gonger. Altså er ikkje noko som skjer her på jorda uttrykk for Guds straff. Gud straffar ikkje i tida. Han gjorde det på Golgata, og dei som ikkje tek mot den frigjeringa som ligg i det, vil oppleva Guds dom og vreide ved Jesu atterkome på den siste dagen. Dette er både rett og gale.

Det er sant at Gud straffa all synd på Jesu lekam på krossen, men det er ein bibelsk brist i å hevda at Gud med det ikkje straffar i tida. Det dreier seg om to ulike typar straff. Den ein er absolutt og endeleg domsstraff, altså det som gjeld æva. Det andre er straff som tukt og kall til omvending, altså avgrensa og midlertidig straff med tanke på livet.

Det som skjedde på krossen gjeld for heile menneskeslekta . Det spenner bakover til opphavet og framover til avslutninga, altså frå det første mennesket Adam til den siste som vert fødd før Jesu atterkome. Like fullt talar Bibelen om at Gud straffar i tida, både i tida før Jesu første kome og i tida før Jesu andre kome, inkludert ved pest eller pandemi, jfr. 2 Mos 9:1-16 og Op 6;8, 16;2. Poenget er at folk skal forstå at Gud er Gud, og at dei skal søkja han. Det er ikkje noko i Skrifta som tilseier at vi no er i ei spesialtid der Gud ikkje straffar her i tida, men han straffar altså som tukt og kall til omvending. Problemet er at folk ikkje ser det, og med det heller ikkje søkjer Gud.

Ein skal ikkje lesa mykje kyrkjehistorie før ein finn mange døme på at kristenfolket, med prestar og forkynnarar i spissen, tolka naturkatastrofer, ulukker på havet, krig, pest og kva det måtte vera som ramma mennesket, som uttrykk for ein spesiell tiltale frå Gud til folket om omvending. Det var ikkje å forstå som straff, tukt, tiltale eller kall mynta spesielt på den eller dei som direkte vart ramma, men på folket i det heile. Den tonen har diverra tagna i dag. I staden er ein meir oppteken med å «frikjenna» Gud frå det vonde som skjer. Det er ei humanisering av Gud som undergrev hans heilage vesen og hans kall.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock