Realitetar og forsamlingsbygging

Det å starta nye forsamlingar eller kyrkjelydar har høyrt med til kristenlivets gang like frå apostlane si tid, ikkje minst ved misjon og nybrotsarbeid. Korleis dette har skjedd, og strukturane det har fått, har variert. I Noreg har vi den spesielle situasjonen at vi har folkekyrkje (tidlegare statskyrkje), bedehus og frikyrkjer av ulike typer.

Strukturen for folkekyrkja har lenge lege relativt stabilt, men ein og annan gongen vert eit sokn lagt ned og eit nytt oppretta etter som bustadmønsteret endrar seg.

Både for bedehuset og frikyrkjene starta det heile rundt 1850, og vi fekk dei neste hundre åra mange nye forsamlingar eller kyrkjelydar. Det var nokre nyetableringar også etter krigen, men då hadde det meste funne si form, og arbeidet skjedde ut frå dei husa og forsamlingane ein hadde. Etter som avkristninga tiltok og det kristne arbeidet vart svakare, oppstod det behov for omorganisering og nye forsamlingar. For bedehuset sin del bruka ein lenge nemninga «venesamfunnet» eller kort og godt bedehusflokken om dei som samlast der. Dei siste åra har ein meir snakka om forsamling eller kyrkjelyd (menighet).

Ved karismatikken og herlegdomsteologien kom det nye åndsretningar i forhold til det etablerte kristne arbeidet. Det var ikkje alt det nye som passa inn i eksisterande kyrkjesamfunn og forsamlingar. Dette førte til nye forsamlingar, ikkje minst på 80-talet og ut over. Det viste seg at langt frå alle desse var liv laga, og nokre som starta stort og optimistisk vart etter kvart heller små.

Det vaks så fram ei nokså generell interesse for å etablera nye forsamlingar, og det vart utarbeidd verktøy og nettverk for dette. Dette er veldig bra, men eg stussar ofte over måten forsamlingsbygginga vert presentert på. Det heile er ikkje så nytt og ekspanderande som ein framstiller det. Den store tidsepoken for nyetablering var altså då bedehusa og frikyrkjene voks fram, og vekkingane gjekk over landet. Dei siste 50 åra har det reelt vore tilbakegang i kristenlivet og misjonsarbeidet, inkludert i Den norske kyrkja.

Det som skjer av etablering av nye forsamlingar i dag, særleg i bedehusland, er meir ei omorganisering enn ei nyetablering. Ofte er det slik at fleire bedehus vert lagde ned eller arbeidet sterkt redusert, og så samlar ein arbeidet på eitt bedehus, anten eit eksisterande hus eller ein byggjer nytt. Det kan vera ein klok og nødvendig strategi, men sett i litt historisk perspektiv, er det ei klar nedbygging av arbeidet. Det hender også at det eksisterande arbeidet vert omdanna til ein ny type forsamling, og nokre gonger gir det ny giv i arbeidet. Nokre stader fører forsamlingsstrategien til at det i fleire store bygder praktisk talt ikkje skjer forkynning lenger, og det er svært uheldig.

Statistikken viser at etter tusenårsskiftet har færre nyetableringr vorte lagde ned enn tidlegare. Det er bra, og vitnar om større åndeleg realisme. Nokre stader vert det også etablert forsamlingar i bygder eller bydelar der det ikkje er forsamlingar frå før. Det er god misjonsstrategi, og det er eigentleg det som er å byggja nye forsamlingar. Rett nok hender det også i slike tilfelle at ein overflytter folk frå ei forsamling til ei anna, men då får ei i alle fall større sjanse til å nå nye med Guds ord. Djupast sett er forsamlingsbygging at folk vert frelste og lagde til den kristne forsamlinga.

Johannes Kleppa