Livet – eit mysterium

I dag har eg vore i gravferd til mi første svigermor, og skriv dagens ettertanke ut frå tankar knytt til eit dødsfall. Mi svigermor vart nesten 97 år før Herren tok henne heim til seg. Det var slik sett å døy gamal og mett av dagar.

Etter ho var død, var eg på sjukeheimen og såg henne der ho låg i senga kledd i ein fin blå kjole. På sett og vis såg ho levande ut. Det var nesten så eg venta at brystkassa skulle heva og senka seg og visa at ho pusta, og at ho skulle snu litt på seg. Eller at ho skulle slå opp augo og sjå på oss og smila sitt gode smil. Dette gjorde ho sjølvsagt ikkje, fordi det var ikkje liv i kroppen.

Når livet forlet kroppen, maktar ikkje kroppen noko som helst. Ikkje ein veslefinger kan røra på seg, augnelokka kan ikkje blunka. Kroppen er kort og godt hjelpelaus utan liv i seg, same kor flott og sterk kroppen måtte vera. Der livet eller sjela er bort, er kroppen rett og slett død.

Men livet er ikkje berre knytt til kroppen. Det har med heile menneske og personlegdomen å gjera. Livet fører tankar, kjensler, vilje og tru med seg. Vi talar om tankelivet, viljeslivet, kjenslelivet, truslivet og gudsliv. Det heilt sentrale ved mennesket er knytt til livet – menneskelivet. Livet er underleg. Utan det maktar vi ikkje noko som helst.

Men livet er også paradoksalt. Livet gjev høve til å elska og hata, det kan bruka handa til å stryka trøystande over kinnet eller som knyttneve til å slå. Livet kan brukast til fred og til krig. I livet ligg kjærleik og hat. Livet er forunderleg og paradoksalt – ja, det er eit mysterium.

Når livet forlet mennesket, slik at kropp ligg att død, er det umogleg for oss å føra livet tilbake til kroppen. Mennesket har ikkje hand om livet, og det kan ikkje skapa liv. Naturvitskapen har prøvd på det, men har mislukkast – og vil alltid mislukkast. Liv utgår alltid frå liv, og vi får den typen liv som det utgår frå – menneskeliv, dyreliv, fugleliv, fiskeliv. Og liv som utgår frå eit dyr, vert alltid same sorten dyr. Ein hest kan berre gje hesteliv.

Alt liv utgår i siste instans frå Gud, han som er livet og skaper liv. Då Gud skapte mennesket, bles han sin livsande inn i det, slik at mennesket vart til ei levande sjel. Han gav også liv til alt i dyreverda, men på ein annan måte enn ved mennesket, fordi mennesket vart ei levande sjel i Guds bilete. Mennesket vart skapt til livssamfunn med Gud, i tida og i æva. Det er som Paulus forkynner på Areopagos: «For i han er det vi lever og rører oss og er til.» Det er altså i Gud vi «er til» med tankar, kjensler, vilje, tru, gjerningar og alt som høyrer livet til – og til sist evig liv.

Det som er enda meir forunderleg enn alt det som gjeld livet her og no, er at Gud gjennom døden held livet ved lag heime hjå seg, og sameinar på nytt livet med kroppen i oppstoda – også der kroppen har gått heilt i oppløysing. Det kan skje fordi alt er i Gud, han som er livet.

Livet er ei forunderleg sak og eit mysterium. Ja, det er av Gud, og berre av han – så takk Gud, for livet!

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock