Mutert kristendom?

Koronaviruset er ei stygg sak, og det vert ekstra stygt ved mutering. Då veit ein ikkje kva retning det tek, og ein misser kontrollen. Mutering fører til ekstra smittevern, og det skaper ein usikker situasjon med tanke på vaksine. Så langt synest situasjonen å vera under rimeleg god kontroll her i landet, men det at viruset når som helst kan mutera til nye variantar, skaper ein labil og utrygg situasjon.

Så lenge dette dreier seg om eit virus, kan vi i det lengste takla situasjonen. Det store spørsmålet er om vi også taklar det på det åndelege området. Vil den unntakssituasjonen vi no har hatt i snart eitt år, føra til mutasjon også på det åndelege området? Dersom smitteregimet vert halde opp i lang tid framover, vil vi då få ein mutert kristendom, altså ei ny kristendomsform?

Frå ei side sett er dette ei totalt meiningslaus problemstilling, fordi kristentrua er fastlagt i Skrifta ein gong for alle. Det er ikkje opning for nokon mutasjon på det området. Om så ein engel skulle koma å forkynna noko anna enn det apostelen Paulus hadde forkynt på den tida han skreiv Galaterbrevet, skulle dei ikkje høyra på det. Det ville vera uttrykk for eit anna evangelium, og det ville difor kort og godt ikkje vera noko evangelium. Mutert kristendom er ein illusjon.

Like fullt er problemstillinga svært aktuell på det praktiske og personlege planet. Vi står i fare for å laga oss ein mutert kristendom. Det er ein konstant fare, og det vert ein ekstra fare i unnatakstider som vi no er inne i. Vi kan laga oss praksisar som er nødvendige i ekstraordinære tider, som vi så tek med oss inn i ordinære tider. Det er ein særleg fare for mutert forsamlingsliv. Det vil innebera at vi nedtonar det å samlast i det heilage samfunnet, og at vi får eit mindre forplikta forhold til den kristne forsamlinga. Det er ei problemstilling som har vore svært aktuell i fleire år no, og som kan akselerera ved den unntakssituasjonen vi no har. Mutasjon kan gå i alle retningar, men alltid negativt.

Får vi ein mutasjon i forhold til forsamlingslivet, går det ut over vårt personlege trusliv ved at vi i mindre grad brukar nådemidla, særleg det å høyra Guds ord forkynt. Det vil også gå ut over vår teneste, ved at vi i mindre grad får bruka dei nådegåvene Herren har gjeve oss. Dei lever i forsamlinga og får næring ved Ordets forkynning. Det vil i så fall verta eit meir passivt kristenliv, der nauda for folks frelse og omsorga for Guds folk vert svekka.

Det kristne forsamlingslivet har til alle tider vore viktig, og det vil vera viktig like til Jesus set sluttstrek for livet på denne jorda. Slik den åndelege situasjonen er i folket vårt no, er forsamlingslivet ekstra viktig. Pensjonert NLA-professor Egil Morland peikar i Dagen (29/1) på at tidlegare lærte ein så mykje kristendom i skulen, at ein kunne overleva på det Guds ord som ein hadde meg seg derifrå, i kortare eller lengre periodar. Dessutan praktiserte mange solid husandakt. No er det praktisk talt ikkje noko å leva på frå skulen, bortsett frå om ein har gått på ein kristen skule. Dessutan er det også ofte smått med husandakt.

Det er ei stor utfordringa for alle som vedkjenner seg kristennamnet at resultatet av koronapandemien ikkje vert ein mutert kristendom på det personlege planet. Det er også eit stort ansvar for kristne leiarar å arbeida for å motverka mutasjon på kristenlivets område, både medan smittevernreglane i stor grad styrer livet, og når livet på nytt vert fritt.

Johannes Kleppa