Korona og digitale møte

I desse koronatider lærer vi både nye ord og nye arbeidsmåtar. Dei fleste av oss kunne knapt nok ordet «digital» for eitt år sidan, men no er vi snart «digitale» heile gjengen. Digitale møte har vorte nærast allemannseige, og så lenge vi ikkje kan samlast fysisk til «vanlege» møte, får vi nytta dei tekniske hjelpemidla vi har.

Denne veka er eg for første gong i mitt etter kvart lange forkynnarliv med på ei «digital møteveke». Eg har jo vore med på digitale møte før, og det er ofte møte vert tekne opp på video og lagde ut på nettet, men denne veka i Steinsdalen bedehus er ei ny erfaring for meg.

I Steinsdalen vert nesten alle møte tekne opp på video og lagde ut på nettet, og det har skjedd mange gonger også med meg. Denne veka var det tenkt ein kombinasjon av møte på bedehuset og digital sending, men brått fekk ein ikkje lov til å samla meir enn ti menneske på eit møte. I staden for å avlysa møteveka, gjorde vi det då slik at eg reiser til Steinsdalen tre gonger denne veka, og har to bibeltimar for kvelden for ti personar, der omtrent halvparten har oppgåver i møtet. Desse timane vert lagde ut ein for kvar kveld kl. 19.00 og på søndag kl. 11, og med det vert det digital møteveke.

Møta er svært enkle ved at allsong er kutta ut, men kona mi deltek med solosong. Ein har ei velkomsthelsing og ei opning, og så talar eg om hovudtankar frå Galaterbrevet, og orienterer litt om Sarepta. Eg slepp altså å tala ut i «lause lufta», men har 8-9 engasjerte tilhøyrarar.

På Steinsdalen bedehus er det godt lagt til rette for dette, og andre stader der det ligg til rette for eit slikt opplegg, er det å tilråda. Ein kan ikkje gjera dette overalt, særleg ikkje på mindre stader, og difor må mange møte avlysast nett no. Der det er mogleg, er digitale møteveker eit langt betre alternativ enn å avlysa, sjølv om det beste er å vera forsamling på skikkeleg måte. Dei som høyrer på digitale møte, må hugsa kollekten, anten ved vipps eller på anna måte!

Johannes Kleppa

Se opptak: https://steinsdalenbedehus.no/