Korona og statens grenser

Det er påfallande lite diskusjon om smittevernreglane her i landet, og den stadige endringa av desse. Alle er samde om at det knytt til ein pandemi som koronaen, må vera strenge reglar for å få bukt med smitten. I møte med pandemien har folk i uvanleg stor grad tillit til regjeringa, og rettar seg nesten slavisk etter på påbod og tilrådingar. På mange måtar er dette svært bra i den aktuelle situasjonen, men vi bør samstundes stilla oss nokre spørsmål i eit større perspektiv. Kva har dette å seia for haldninga vår til styresmakta og demokratiet på sikt, og kva føringar legg dette for måten styresmakta kan opptre på i andre situasjonar? Kva har dette å seia for statens mandat og statens maktgrenser?

«Skal vi hylle oppslutningen om den nasjonale dugnaden eller skal vi uroe oss for flokkmentalitet og naiv lydighet», spør KrF-politikar Øyvind Håbrekke i ein svært interessant artikkel på Trønderdebatt. Han går ikkje mot smittevernreglane eller at vi skal fylgja desse, men han etterlyser prinsipiell grunngjeving for det regjeringa gjer, slik at det vert tydeleg at dei innskrenkingar som vert gjorde, ikkje kan får presedens for andre situasjonar, men er avgrensa til dagens pandemisituasjon. Detter meiner eg er ei heilt nødvendig etterlysing.

Regjeringa har gjort svært sterke inngrep i forsamlingsfridomen, familielivet, retten til å reisa og eigedomsretten. Dette er rettar som er verna om i menneskerettane og i grunnlova. Menneskerettane er primært eit vern for individet mot statens makt. Når desse rettane vert innskrenka av staten, skjer det noko som er svært problematisk, og som i prinsippet ikkje skal skje. Når samfunnssituasjonen er slik at det likevel må gjerast, må det grunngjevast tydeleg ut frå Menneskerettane og Grunnlova kvifor det er nødvendig og omfanget. Det har faktisk ikkje skjedd, men det er berre generelt vist til fare for liv og helse. Det merkelege er at dette skjer utan at nokon reagerer.

«Etter at regjeringen på minuttet avskaffet bevegelsesfriheten og forsamlingsfriheten kan det knapt høres stemmer som spør hva dette betyr for demokratiet og våre rettigheter», påpeikar Håbrekke, og spør: «Er det noen hjemme i norske mediehus om dagen?»

Det å sjå bort frå spørsmålet om statens mandat og grenser, kan ha fatale konsekvensar. Det store dømet på det frå nyare tid er den siste verdskrigen og nazismen, særleg registreringa av jødane og det holocaust som det la grunnen for. Vi er sjølvsagt ikkje i ein nazistisk situasjon no, men vi må på det prinsipielle planet læra av korleis det går når ein ikkje tek misbruk av statsmakt på alvor, skapa haldningar i gode tider og praktisera statsmakta på ein forsvarleg måte når vi kan. Rettsoppgjeret etter krigen viste også at einskildpersonar ikkje kan skulda på statsmakta sine direktiv med tanke på sine handlingar, men ein må svara for det sjølv. Det er alltid eit individuelt ansvar.

«Dersom vi føler frykt og oppfatter at intensjonen er god, så er vi villige til å akseptere store inngrep i friheten. Men gode intensjoner er ingen garanti mot maktmisbruk. Tvert imot er det den beste kamuflasjen», skriv Håbrekke. Det er altså ein balanse mellom lydnad mot styresmakta og naiv underkasting.

«Skal man i et demokrati frata borgere bevegelsesfrihet, forsamlingsfrihet og retten til familieliv, bør det foreligge skriftlige begrunnelser», skriv Øyvind Håbrekke – og eg seier meg heilt samt. Dette har med eit kristent syn på staten og statsmakt å gjera. Johannes Kleppa