To nyttårsønskje

På årets første dag har eg to nyttårsønskje. Dei er så enkle at eg treng ikkje bruka mange ord for å få dei fram.

1. For det første ønskjer eg at alle kristne byrjar å gje tiende, pluss hellige gåver etter som ein har høve til og Herren minner om. Skjer dette, vil det vera eit vesentleg bidrag til å nå ut med evangeliet til frelse og nytt liv. I dag er ofte økonomien eit hinder i arbeidet. Når eg ønskjer dette, er det ikkje primært med tanke på Misjon Sarepta sitt arbeid, men med tanke Guds folk si totale gjevarteneste.

2. For det andre ønskjer eg at alle ser filmen «Den største forbrytelsen», som handlar om jødane her i landet under siste verdskrigen, og korleis nordmenn og okkupasjonsmakt saman utførte «det norske holocaust». Det å sjå filmen, kan vera ei hjelp i kampen mot dagens antisemittisme. Det er uhyrleg det som skjedde med jødane under siste verdskrigen, også i Noreg, og det er skremmande slik antisemittismen utviklar seg i vår tid.

Johannes Kleppa