Julebodskapen og religionane

Det er laga ei historie som fortel at representantar frå dei ulike religionane kom saman for å snakka om vegen til Gud, altså korleis mennesket kunne koma i koma i kontakt med Gud. Dei tenkte seg at Gud var på toppen av eit høgt og vanskeleg tilgjengeleg fjell, og at mennesket var på flata nedafor fjellet.

Alle, bortsett frå representanten for kristendommen, meinte at mennesket då måtte gjera kva dei kunne for å koma opp på fjellet til Gud. Problemet var korleis dei kunne klara det, og det var dei usamde om. Det dei var samde om, var at mennesket måtte gjera noko, og dei måtte gjera sitt ytterste. Dei måtte finna den rette vegen, og kjempa seg fram på den.

Etter å ha lytta til dette, kommenterte representanten for kristendommen: «Om enn Gud kom ned til oss?!» Det meinte alle dei andre var umogleg. Det var mennesket som måtte oppsøkja Gud. Den kristne påpeika då at det var nettopp dette som var kjernen i kristendommen, at Gud kom til oss for å frelsa oss. Frelsa var altså Guds, ikkje mennesket si.

Denne enkle historia som forenklar mykje i den religiøse verda, får like fullt fram hovudpoenget i skilnaden mellom dei ulike religionane og kristendommen. Det er ein del som kan seiast å vera likt i alle religionar, og det er mykje som er ulikt mellom dei ulike religionane. Når ein kokar det heile ned til eit minimum, vert spørsmålet om det er Gud som søkjer oss eller om det er vi som søkjer Gud, om frelsa kviler på ein eller annan prestasjon eller gjerning frå mennesket si side eller om frelsa kviler på Gud og Guds gjerning, om frelsa kviler på forteneste eller på nåde.

Det karakteristiske med kristendommen til forskjell frå alle religionar og all religiøsitet, er at Gud kjem til mennesket. Det gjorde Gud Skaparen alt i Edens hage, og han kom til Eva og Adam også på syndefallets dag. Etter det har Israels Gud halde fram med å koma til mennesket. Det gjorde han i den første tida gjennom profetar og englar, og etter kvart gjennom prestar og offerteneste.

Gud kom på ein særleg måte til Israel for å fria folket frå trelldommen i Egypt. Då Gud møtte Moses i øydemarka, sa ikkje Gud berre kva han hadde sett og kva Moses skulle gjera. Han sa at no «har eg stige ned» for å utfri folket mitt. Gud steig ikkje berre ned frå eit høgt og vanskeleg tilgjengeleg fjell, han steig ned frå himmelen.

Guds frelseshandling i Egypt ved Moses peikar fram mot Guds frelseshandling i Israel ved Jesus. Ordet som var frå opphavet, tok på seg kjøt og blod, vart menneske og tok bustad mellom oss for å vera og verta Frelsar ved å sona syndene våre. Det er dette jula forkynner oss. Sidan det ikkje berre dreidde seg om å stiga opp på eit fjell, men å stiga opp og inn i Guds himmel for å få kontakt med Gud, var dette umogleg for mennesket. Gud ordna det umogleg ved å koma til oss, ved å stiga ned frå sin himmel og inn på vår jord. Det gjorde Gud ved sin Son, og ved det offeret som skjedde på Golgata.

Det er berre kristendommen som har ei julehelg, og det er berre kristne som kan feira jul. Juleevangeliet gjer kristendommen til kristendom, og gjer kristendommen forskjellig frå alt som kan kallast religion. Julebodskapen gjer kristentrua eineståande og gjer nåden suveren.

Johannes Kleppa