Preikeferd til Romsdal og Nordmøre

Eg har tidlegare vore på fleire preikeferder til Romdal og Nordmøre, men då var det i regi av Indremisjonsforbundet. Denne gongen var det Sarepta. Det var eit møte med «gamle» kjenningar og med nye folk, og også på plassar eg ikkje hadde hatt møte før. Folk var takksame for møte.

Preikeferda starta i Kristiansund og gjekk så til Skotten, og derifrå til Måndalen, kor vi har heile helga. Det var bra frammøte, og ei positiv haldning til Sarepta. Informasjonen vart motteken med interesse. Forkynninga dreidde seg heile veka om kva Bibelen seier om englane. Det var eit tema fleire gav uttrykk for at dei hadde høyrt lite om, og var takksame for å få innføring i.

Liv og Martin Schjølberg var tilretteleggarar av møta og husvertar. Dei syte for skyss, møteleiing, song og «koronaservering» på møta. I helga kom også Oddlaug, kona mi, og var med som songar.

Kort sagt var dette ei oppmuntrande preikeferd for min del!

Johannes Kleppa

NB! Les også nye stykker fra Sunnmøre og Helgeland på «Reisebloggen»