Treng vi forkynnarorganisasjonar?

Frå midten av 1800-talet og utover vart det starta ei rekkje kristne organisasjonar eller misjonsorganisasjonar her i landet. Det hadde litt ulik profil og delvis ulike arbeidsoppgaver. Det var likevel ein ting som var felles: Dei var alle forkynnarorganisasjonar på ein eller annan måten.

Desse organisasjonane fekk tilhaldet sitt på bedehuset, som vaks fram i same tidsrommet. Hovudpersonen, menneskeleg tala, på dette huset var emissæren. Bedehuset var forkynninga sin heimstad. Den evangelisk lutherske kyrkja er kalla Ordets kyrkje. Det tok bedehuset konsekvensane av. Preikestolen vart plassert midt på frontveggen med alle stolane vende mot denne. Misjonsorganisasjonane plasserte sine forkynnarar på talarstolen, og folk sette seg i stolane med andlet og øyro vende mot Ordet og forkynninga. Dei såg ikkje inn i nakken på personen framfor, men dei såg preikestolen og høyrde Ordet.

Slik har det vore i generasjonar, men slik er det ikkje no – med nokre unnatak. Dei kristne organisasjonane eksisterer ennå, men dei har ikkje mange forkynnarar å senda ut – korkje på lands- eller krinsplan. Dei fleste er dessutan i ferd med å verta pensjonistar. Det har minka med bedehus, men det er framleis mange av dei. På dei fleste er det lite forkynning.

Vi har fått nokre store bedehus, ofte ved andre namn. Der vert det bygde forsamlingar eller «menigheter». Det skjer også på nokre mindre bedehuset. Dette er svært bra. Både ut frå samfunns- og kultursituasjonen og ut frå kyrkje- og teologisituasjonen bør ein satsa alt ein maktar på å byggja forsamlingar, men ein bør ikkje satsa berre på det.

Eg las nett i Indremisjonsforbundet sitt blad, Sambåndet, intervju med to av ImFs mest erfarne medarbeidarar, sangevangelist Irene Krokeide Alnes og forkynnar Roald Evensen. Dei understreka at ImF måtte satsa både på forsamlingar og på forkynnarar. Det kan seiast om heile bedehusarbeidet. Det er ein tydeleg tendens til at dei som står på lønningslistene til misjonsorganisasjonane, arbeider i forsamlingar og ikkje som omreisande forkynnarar. Den siste gruppa synest å vera ein utdøyande rase, men det vil vera til stor skade for misjonsarbeidet.

Det er mange små og store stader rundet om i landet vårt med så små kristenflokkar at det ikkje er aktuelt med ei organisert forsamlinga. Dei treng like fullt å høyra Guds ord forkynt. Det er dessutan føresetnaden for å nå nye med evangeliet, slik at det etter kvart kan veksa fram ei forsamling. Forsamlingane treng også den omreisande predikanten, slik at breidda av nådegåver kan koma til på talarstolen. Først då vert heile Guds råd og vilje forkynt.

Misjon Sarepta er ein liten organisasjon, og vi kan ikkje driva forsamlingsbygging – i alle fall ikkje ennå. Derimot vil vi gjerne vera ein forkynnarorganisasjon, og vi opplever eit sterkt ønskje om forkynning rundt omkring. Må Herren gje nådegåver og midlar til dette.

Johannes Kleppa